80-talsfavoritten «Splitt» frå Diplom-Is er tilbake. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

80-talsfavoritt frå Diplom-Is er tilbake

Folkefavoritten «Splitt» gjer comeback: – Splitt er den eldste klassikaren som Diplom-Is har henta fram frå arkivet, seier merkevaresjefen.

– Engasjementet for iskrem – og ikkje minst gamle klassikarar, er enormt, seier merkevaresjef Ingrid Vestnes Arntsen i Diplom-Is.

Diplom-Is har gledd seg til å kunne hente tilbake nok ein kjær folkefavoritt. Isen har røter frå 80-talet og vart også på 90-talet sungen om i Delillos-låten «Frognerbadet», som vart gitt ut i 1991.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Splitt er den eldste klassikaren som Diplom-Is har henta fram frå arkivet. Her har fankaren vore tolmodig og engasjert i lang tid, men det er som ordtaket seier; den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves, seier ho vidare.

Tidlegare har Diplom-Is henta tilbake klassikarar som Kræsj Pink, Drillo, Kjempe Yes og Sitting Original.

(©NPK)

Folkefavoritten «Splitt» gjer comeback. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Diplom-Is tilbake med 80-talsfavoritten Splitt. Foto: Diplom-Is / NTB / NPK