Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

67 nye koronasmitta siste døgn

Det er registrert 67 nye tilfelle av koronasmitte i Noreg ved midnatt natt til onsdag, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Auken er noko større enn han har vore dei siste dagane. Tysdag auka smittetalet med 49 nye tilfelle og måndag med 39 nye tilfelle. Tala er henta frå Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

I alt har 9.751 nordmenn testa positivt for koronaviruset. Om lag 95 prosent er friskmelde, ifølgje FHI.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til saman 15 personar var måndag innlagde på sjukehus med påvist koronavirus. Det er éin færre enn tysdag, viser tal frå Helsedirektoratet. Av dei 15 som er innlagde, ligg 2 pasientar i respirator.

FHI har registrert 256 koronarelaterte dødsfall her i landet.

(©NPK)