Det vart felt 53 gauper i årets kvotejakt, som starta 1. februar og slutta 31. mars. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

53 gauper felte i årets kvotejakt

Då årets kvotejakt av gaupe vart avslutta 31. mars, var statusen 53 felte dyr. Dermed vart kvotemålet på 54 gauper nesten nådd.

51 gauper vart skotne, og to dyr døydde av andre årsaker og vart lagde på jaktkvoten. I tillegg døydde seks dyr i område der det ikkje var opna for jakt, melder Miljødirektoratet.

– Gaupe er det einaste av dei store rovdyra som det er opna for kvotejakt på. Formålet med kvotejakta er å regulere bestanden og førebyggje skade på beitedyr, seier seksjonsleiar Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Sør-Noreg vart det felt totalt 18 gauper og i Midt-Noreg 26 gauper. I Vest-Noreg vart det ikkje felt nokon, medan i dei andre regionane var det ikkje gaupejakt.

(©NPK)