22 elevar melde interesse for å vera med i ungdomsrådet

I Nissedal kommunestyre kom det på sist møte fram ei gladmelding om at så mange som 22 ungdomsskuleelevar hadde lyst til å vere med i det nyskipa ungdomsrådet.

Kommunestyret etablerte nyleg i tråd med lova eit ungdomsråd i Nissedal. Rådet skal sjølv velje leiar og nestleiar blant medlemene, og fordele andre aktuelle roller.

Innleiingsvis i saka sa ordførar Halvor Homme (Ap) at om ikkje han hadde høve til å stille på møte i ungdomsrådet, håpa han andre i formannskapet kunne klare å få det til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg set veldig pris på at me får valt eit ungdomsråd. Når me får uttaler frå ungdomsrådet, må me ta det alvorleg, sa ordføraren.

Ulike land

Politikarane fekk opplyst at 22 ungdomsskuleelevar hadde sagt ja til å vere med i rådet. Løysinga for at ein til kommunestyremøtet skulle på plass namna som skal utgjere rådet på ti medlemer, blei trekking. Dei tolv andre blei varamedlemer, og tiandeklassingane blant den gjengen har dei fyrste varaplassane.

Veldig bra: Ian Parry-Jones (Sp) syntest det var veldig bra at så mange som 22 elevar hadde lyst til å vere med i det nyskipa ungdområdet.

– Eg legg merke til at lista har representantar frå forskjellige kulturar og land, og det er veldig bra, sa Tori Fretland Tveit (KrF).

Ian Parry-Jones (Sp) var også godt nøgd.

– Eg er positivt overraska over engasjementet. Det er veldig bra at det er så mange som er viljuge til å stille, sa han.

10 000 kroner

Desse blei av kommunestyret valt inn som faste medlemer i ungdomsrådet:

10. klasse: Andre Felle Nes, Mina Vee Straand, Amar Mtiri og Knut Haugsjå.

9. klasse: Roger Mei, Liv Lindvig og Lars Brynjulv Nordbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

8. klasse: Bendik Fjalestad, Julianne Homme og Ranim Mtiri.

I reglementet til Nissedal ungdomsråd står det mellom anna at rådet har møte- og talerett i folkevalde organ. Eining for kultur skal stille med sekretærhjelp og vere koordinator for rådet.

Ungdomsrådet skal ha eit eige budsjett til møteutgifter og anna. Summen for 2020 er 10 000 kroner.

Generelt for ungdomsråd heiter det at det skal vere ungdommens talerøyr overfor politikarar og dei som tek avgjersler, og skal ha ei rådgjevande rolle for kommunen og fylkeskommunen.

Rådet skal representere ungdomanes interesse i kommunen eller fylket, og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom. Rådet kan også ta opp eigne saker.

Kommunestyret og fylkestinget skal sjølv velje ungdomsråd, og medlemene blir valt for inntil to år om gongen.