Nottov Homme meiner dagens areal sør på Sundsmoen må vere friluftsområde, og ikkje bli industritomt.
Nottov Homme meiner dagens areal sør på Sundsmoen må vere friluftsområde, og ikkje bli industritomt.

Vil la naturperle vere i fred

Nissedølen Nottov Homme bed politikarane tenkje seg om, slik at det han meiner er ei naturperle i Treungen ikkje blir industritomt.

Torsdag skal Nissedal formannskap ta stilling til ei tilråding frå rådmannen om å selje om lag 30 dekar myrområde til industritomt på Sundsmoen i Treungen. Det er Kjell Asbjørn Solberg AS som ynskjer å kjøpe området. Arealet det er snakk om blei kjøpt av Nissedal kommune som næringsområde for over 30 år sidan, frå ein eigedom som Asbjørn og Nottov Homme eig i dag. Brørne har sendt eit skriv til kommunen der dei påpeikar at sidan den gongen salet skjedde har natur, friluftsliv og miljø blitt mykje meir viktig.

«Dette nærområdet er viktig for oss og alle som bur i og brukar nærområdet og idrettsanlegga der. Me håpar det ikkje blir bygd noko, eller grave og sprengt i dette området. Vidare håpar me det blir vurdert å endre myra til friluftsområde i neste rullering av kommuneplanen», skriv brørne Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alternativt område

Dei nemner at det unike naturområdet er mykje bruka til tur og friluftsliv med fotballbane på den eine sida og gapahuk og ljosløype på den andre sida.

– Området er turareal både sommar og vinter. Mange folk eg har snakka med veit ikkje at myra er eit industriområde, men trur det er naturområde. Ei naturperle blir industriområde viss rådmannen får det som han vil. Politikarane bør fyrst vurdere om dette skal vere eit friluftsområde å ta vare på, men det er ikkje gjort. Eg håpar det ikkje blir utbygging i området. Eg vil ikkje Solberg AS noko vondt, men arealet er eit viktig naturområde ein må ta vare på, seier Nottov Homme til VTB.

Han har ikkje tankar om at brørne skal kjøpe myrområdet tilbake, eit areal Homme fortel kommunen i si tid ville ekspropriere om det ikkje hadde blitt frivillig salsavtale.

Homme meiner det er alternative område i nærleiken som er mykje betre eigna som industritomt, og som ikkje er i konflikt med natur- og friluftsinteresser.

– Eg håpar formannskapet vil nytte «føre var-tankegangen» og utsetje saka til dei har undersøkt andre løysingar, oppmodar Homme.

VTB har spurd Kjell Asbjørn Solberg om han vil uttale seg om saka, men det ynskjer han ikkje.

– Veg tyngre enn friluftsinteressene

Kjell Asbjørn Solberg AS eig i dag ei 4,4 dekar stor tomt på industriområdet Sundsmoen. Omfanget av verksemda til anleggsfirmaet aukar, og det er planar om vidare vekst. Derfor blir det søkt om å kjøpe eit betydeleg større areal lenger sør på Sundsmoen.

Då det blei for knapp tid for rådmannen å lage ei sak til formannskapet siste møtet før jol, gav politikarane rådmannen fullmakt til å lage avtale om kjøp av rundt sju dekar. I ettertid kom det fram at søknaden omfatta eit betydeleg større areal enn det som var kjent då rådmannen fekk fullmakt. På eit møte med kommunen rett etter nyttår kom det fram frå søkjar at av omsyn til langsiktige planar og å vere føreseieleg var det bare aktuelt å kjøpe eit stort areal på om lag 30 dekar.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Tilbod om å kjøpe om lag ti dekar og opsjon på vidare utvikling vart avvist», opplyser sakshandsamar Kjell Vøllestad om noko av det som skjedde i møtet.

Reguleringsplanen godkjent i 1983 for Sundsmoen industriområde slår fast at Torvmyrane kan nyttast til industri.

«Denne bruk av myrområdet ville truleg møtt motsegn i dag, då det blir rekna som interessant i høve til biologisk mangfald», skriv sakshandsamaren på vegne av rådmannen til politikarane.

Rådmannen ser at det er gode argument for å bevare området, men det krev i såfall vedtak om omregulering.

«Dagens planstatus er at området skal nyttast til industri, og når ei lokal bedrift med viktige arbeidsplassar for bygda ynskje å utvide verksemda si på eit område godkjent for industri, finn rådmannen at dette veg tyngre enn friluftsinteressene».

Elles blir det opplyst i saka at søkjaren har planar om oppføring av fleire store bygg, i tillegg til eit sandlager som vil kome straks tomta er godkjent. Vidare er det eit behov for parkering og snuareal for vogntog og maskiner.

Søkjaren disponerer eit steinbrot i nærleiken, og har planar om å opparbeide Torvmyrane over tid med eigne maskiner.

Rådmannen tilrår sal av om lag 30 dekar industritomt til Solberg AS til ein pris av éi krone kvadratmeteren, men utan påståande skog. Blant vilkåra er at kjøpar tek kostnadene med flytting av ein tursti gjennom området. På grunn av friluftsinteressene i området vil kommunen, i samband med byggjemelding av arbeida, setje vilkår om at utsjånad og ryddigheit på området blir best mogleg i byggjetida.