Carl Jacob Johansen (43) frå Arendal dukka uventa opp med flyboard-show på Nissedalmarknaden. Opptil 20 meter oppe i lufta blei han styrd av vasstrykket frå vasskuteren foran eit publikum som bare himla med augo og måpa.
Carl Jacob Johansen (43) frå Arendal dukka uventa opp med flyboard-show på Nissedalmarknaden. Opptil 20 meter oppe i lufta blei han styrd av vasstrykket frå vasskuteren foran eit publikum som bare himla med augo og måpa.

Vellukka marknad trass færre utstillarar

– I sum var det ein veldig positiv marknad, men det minkande talet på utstillarar har skapt hovudbry, og er noko me i idrettslaget må ta tak i, seier Hølje Haugsjå.

Laurdag blei Nissedalsmarken arrangert i Treungen. På programmet sto mellom anna tryllekunstnaren Davido og eit såkalla flyboard-show med Carl Jacob Johansen.

– Underhaldninga var det ingen ting å utsetje på. Flyboard-showet var heilt spektakulært. Det einaste som var litt dumt var at me fekk vite om det så seint, så me hadde ikkje høve til å avertere med det, seier Hølje Haugsjå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er styremedlem i Treungen IL, som arrangerer marknaden, og har hatt ansvaret for koordineringa av arrangementet.

– Eg synest i sum det var ein svært positiv marknad, alt gjekk prikkfritt. Det einaste skåren i gleda er dei låge utstillartala, konkluderer han.

Hovudbry

Dei siste åra har marknaden vore prega av at færre utstillarar bestiller plass til bodar.

Hølje Haugsjå (med solbriller, til høgre i biletet), håpar fleire utstillarar vil tinge plass til bod i marknadsgata i neste år. Idrettslaget skal no setje seg ned for å evaluere kva som kan gjerast for å betre salstala for utstillarane.
Hølje Haugsjå (med solbriller, til høgre i biletet), håpar fleire utstillarar vil tinge plass til bod i marknadsgata i neste år. Idrettslaget skal no setje seg ned for å evaluere kva som kan gjerast for å betre salstala for utstillarane.

– Utstillarane bidrar til gode inntekter for idrettslaget, og me prøva i det lengste å få fleire, men me lukkast ikkje, fortel Haugsjå.

Manglande salsinntekter for dei som tingar plass er i følgje han årsaka til dei søkkjande tala.

– Utstillerane gjev tilbakemelding på at dei er fornøgde med arrangementet og opplegget her, men at dei ikkje får selt varene sine. No må me i idrettslaget sette oss ned og evaluere kva me skal gjere for å snu trenden, slår Haugsjå fast.

– Men positivt er det at både loppemarknaden og brukthandelen har meldt om god omsetjing. Det er eit godt teikn, held han fram.

Vil få fleire over brua

Marknaden hadde om lag 900 besøkande innom laurdag, noko som er ein nedgang. Haugsjå håpar eit samarbeid med Treungenfestivalen kan auke besøkstala att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Treungenfestivalen har slått alle rekordar i år, og har blitt eit heilproft arrangement. Me vil gjerne finne ei løysing i samråd med dei, som gjer at fleire festivalgjester tar turen over brua til sentrum for å besøke marknaden, ikkje berre for å handle grillmat og drikke. Om ikkje det går, må me vurdere om det er betre for oss å flytte marknaden til ei anna helg.

Han er klar på at idrettslaget vil gjere alt for å halde fram med arrangementet i seinare år.

– Det er eit utruleg viktig arrangement for idrettslaget, som me tener godt med pengar på, fortel Haugsjå.

Rekneskapsansvarleg Unni Løken opplyser at omsetjinga på marknaden for idrettslaget var rundt 80 000, derav om lag 55 000 kronar gjekk i overskot.