Arbeidet med graving av leidningar til den nye Libru kloakkpumpestasjon pågår for fullt. Deretter skal Skorve anlegg i gang med ny avkøyring til Juvlandsvegen og utviding av parkeringsplassen ved Rauland handelshus.
Arbeidet med graving av leidningar til den nye Libru kloakkpumpestasjon pågår for fullt. Deretter skal Skorve anlegg i gang med ny avkøyring til Juvlandsvegen og utviding av parkeringsplassen ved Rauland handelshus.

Utvidar parkeringsplassen

Gravearbeidet i sentrum av Rauland er godt i gang. No blir det større parkeringsplass og ny innkøyring til Juvlandsvegen.

Det kan vera temmeleg kaotisk ved Rauland handelshus når hordar av tilreisande, samt ein og annan innfødd, skal gjera innkjøpa sine. I går føremiddag var parkeringsplassen stuvande full. Knapt ein bil meir var det plass til, i fylgje kjøpmann Oddmund Skeie ved Spar Rauland varesenter.

Men det skal bli betre. Når arbeidet er ferdig kjem parkeringskapasiteten nesten til å vera dobla. Då skal det vera plass til mellom femti og seksti fleire bilar enn det er i dag. Det trengst, for slike dagar som onsdag før påske har det vore så mykje folk på forretningane på Rauland at køane har vore vanskelege å handtere. Den store kundemassa har ført til at butikkane i år, som i fjor, også held ope skjærtorsdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks anbod

Til det kommunale anleggsprosjektet, som også omfattar å leggje om Juvlandsvegen, kom det inn seks anbod. Skorve anlegg vann konkurransen og gjer arbeidet for 5,5 millionar kroner inkludert moms. I tillegg har kommunen også ein kostnad på kring 1 million kroner til ny pumpestasjon. Det opplyser Tone Midtbø, avdelingsingeniør for veg, vatn og kloakk i Vinje kommune.

Ny pumpestasjon

Arbeidet som hittil er gjort er å grave leidingar til den nye Libru pumpestasjon, ein stasjon som erstattar tre andre kloakkpumpestasjonar.

Den nye vegstrekninga blir ein to hundre meter lang trasé som skal leggjast lenger ned mot Liåi enn der vegen ligg i dag.

Arbeidet skal vera ferdig 1. juni, blir det opplyst frå Vinje kommune.