Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp).
Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp).

Trur på vegløysing i Grungedal

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) er optimist etter å ha diskutert E134 Grungedal med Samferdelsdepartementet. – Eg er no relativt sikker på at det er mogleg å løyse dette, seier Riis-Johansen.

Fylkesordføraren var godt nøgd etter møtet med statssekretær Geir Pollestad i Samferdselsdepartementet måndag. Tema for møtet var E134 og dei to kilometrane som blir ståande att mellom Grungedal og Grunge kyrkje når anleggsarbeidet på strekninga mellom Grunge kyrkje og Velemoen er ferdig våren 2015.

Vegvesenet og entreprenøren Risa som held på der no, reknar med ein kostnad på rundt 50 millionar for å gjera båe strekningane ferdige til same tid. Då vil ein spare mange millionar fordi ein kan sleppe riggekostnadene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil heilt klart ha store økonomiske og praktiske fordelar. Ein vil spare pengar på å gjera det no, og trafikken vil ikkje bli hindra meir enn naudsynt, sa Olav Heggenes, ingeniør og assisterande byggjeleiar i Vegvesenet, då VTB omtalte saka fyrste gong 5. februar.

Vegvesenet seier dei ikkje har pengar til dette per i dag, og etterlyser difor ei tilleggsløyving frå regjeringa. Både Vegvesenet og politikarar frå både SV og Høgre har signalisert at det fornuftige vil vera å ta heile strekninga under eitt, for å sikre ei meir effektiv vegbygging.

Fylkesordførar på banen

Etter møtet med departementet måndag augnar fylkesordføraren håp for å få pengane på plass i tide, slik at ein kan utbetre heile strekninga under eitt.

– Samferdselsminister Marit Arnstad skal sjå nærare på saka. Dette betyr auka moglegheiter for å finne ei løysing, seier Riis-Johansen.

– Kva betyr «å sjå nærare på saka»?

– Det betyr at eg oppfattar at det er forståing for at me bør prøve å løyse dette, svarar fylkesordføraren.

Han har no eit godt håp om at anlegget ikkje blir rigga ned før heile strekninga mellom Grungedal og Velemoen i Edland er opprusta til dagens standard.

Det er enno ikkje noko konkret løysing på bordet, men prosessen er i gang. Løysinga må på plass i løpet av ettervinteren/våren, mellom anna for at ein skal rekke å halde anbodskonkurransen ein må lyse ut.