Det var god stemning under finalefesten til Farmen sundag kveld. Her er Bodil Nordjore saman med Farmen-vinnar Leif Einar «Lothepus» Lothe og Vendela Kirsebom.
Det var god stemning under finalefesten til Farmen sundag kveld. Her er Bodil Nordjore saman med Farmen-vinnar Leif Einar «Lothepus» Lothe og Vendela Kirsebom.

Treivst som mentors kone

Dei siste seks vekene har nærare ein million tv-sjåarar fått sjå Bodil Nordjore som mentors kone i Farmen-kjendis. Stødig og rolig har ho rettleia deltakarar som Lothepus og Vendela Kirsebom gjennom det eine vekesoppdraget etter det andre.

Sundag var Nordjore til stades på den store finalefesten i Oslo saman med mellom andre Farmen-vinnar Leif Einar «Lothepus» Lothe, Vendela Kirsebom, Petter Pilgaard og dei andre kjendisane som dei siste seks vekene har drive Storøy gard i Bamble på tv-skjermen i beste sendetid.

Sjølve produksjonen fann stad i mai og juni i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre av deltakarane kjende eg frå før, mellom anna Lothepus. Han blei eg kjend med frå anleggstida på Møsstrond.  Fyrste reaksjonen hans når han såg mentor og eg steig ut av båten var «Nei f…, der e budeio mi», fortel Nordjore og ler.

Opplæring i separator

Bodil Nordjore er ikkje ukjend med å vere kokk på tv, men «Farmen kjendis» var ein langt annan produksjonen enn ho er van med.

– Det var ein spennande måte å lage tv på, men det baud på nokre utfordringar, fortel Nordjore. Det var mykje fokus på matproduksjon denne gongen, og Bodil hadde ansvaret for å førebu og leggje til rette der mat eller husflid var ein del av vekesoppdraget.  Og det på gamalt vis, nærare 100 år attende i tid.

  – Me bruka nokre dagar i forkant på opplæring av separatoren, kinning, bakaromnen, ysting og såpekoking. Då er det moro i etterkant å sjå at dei har fått det til, seier Nordjore.

Kampen for tilværet

Ho legg til at det var mykje meir arbeid enn ein kanskje skulle tru, men alt arbeidet og førebuingane har gjort at det har blitt meir ekte tv av det.

– Det er ingen ting som er «fake». Utfordringa med å spele inn på den tida av året er at det ikkje er så mykje å hauste av markens grøde. Slik sett er det jo også kampen for tilværet, sier Nordjore, som ikkje alltid var samd i produksjonens syn på mat.

– Eg syns nok det blei litt for lite mat på deltakarane til tider. Det er mykje hardt arbeid og mange av dei blei heilt avmagra, men sjølvsagt skal det jo spegle den tida dei er sette attende til også, fortel Nordjore. Ho trur mange av deltakarane fekk eit anna syn på mat etter opphaldet på Farmen, og ikkje minst det å nyttiggjere seg alle råvarer og restar framfor å kaste dei.

Imponerte og overraska

– Det var ein veldig fin gjeng som kom inn på Farmen, og det var faktisk så harmonisk og god stemning som det har kome fram på skjermen, fortel Nordjore. Ho let seg imponere av alle deltakarane som tok til seg kunnskap på ein framifrå måte. Men det var nokre som imponerte litt ekstra.

Artikkelen held fram under annonsen.

  – Vendela imponerte meg veldig. Ein verdsvant supermodell. Ho var ein stødig, rolig og ansvarsfull person, og veldig reieleg mot alle saman. Ho takla alle situasjonar med  verdigheit der inne, seier Nordjore. Utover det let ho seg – som veldig mange andre – overraske av Petter Pilgaard.

  – Han var jo ganske ærleg på det frå starten av at han ikkje kunne noko som helst, og at han gjorde dette til sitt prosjekt for å bli mann, fortel Nordjore og ler.

Meir mat og tv

Mykje arbeid og planlegging til tross, tradisjonsberaren frå Byrte er ikkje framand for å bli med som mentors kone ein ny runde av Farmen. Akkurat no er ho opptatt med ein annan produksjon på TV2. Utan å røpe for mykje involverer det Thomas, Harald, Camp Senkveld og mat.

– Det blir ein del latter ja, og mykje brei dialekt, røper Nordjore, før ho får det travelt med å rekke ei ny avtale.