I dag debuterer Olav Urbø (Sp) på Stortinget. Han vikarierer to dagar for Åslaug Sem-Jacobsen frå Notodden.
I dag debuterer Olav Urbø (Sp) på Stortinget. Han vikarierer to dagar for Åslaug Sem-Jacobsen frå Notodden.

To Tokkebuarar på Tinget samstundes

– Det er nok historisk, sjølv om eg berre skal vikariere i to dagar. Eg kjenner i alle fall ikkje til at det var vore to frå Tokke på Stortinget på same tid, seier Olav Urbø (Sp).

Frå før er Tokke representert ved Lene Vågslid (Ap), som er leiar av justiskomiteen på Stortinget. Men no skal altså tidlegare Tokke-ordførar Olav Urbø ta plass eit par dagar. 

– Eg er på plass i dag og i morgon, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vikar for Sem-Jacobsen

Han vikarierer for Åslaug Sem-Jacobsen frå Notodden som er oppteken på anna hald desse dagane.

– Ho er i Nordisk Råd på Island nokre dagar, og eg fekk innkallinga for ei knapp veke sidan, fortel han.

Olav Urbø blei også valt som fylkesleiar i Telemark Senterparti i 2016, og han blei attvalt for to nye år på partiets årsmøte i februar. Han var elles ordførar i Tokke frå 2004 til 2011. Urbø var også ein av kandidatane til å bli Telemark Sp sin representant på Stortinget ved siste val, men han tapte kampen mot nettopp Sem-Jacobsen.

– Det blir ei ny oppleving å ta plass på Stortinget. Eg har vore innom før, men då har det vore i andre ærend enn å faktisk vere ein del av Tinget. Tysdag skal me handsame ordinære saker, og eg skal også vere med i familie- og kulturkomiteen der eg låner stolen til Åslaug, forklarer Urbø.

Relevante komitésaker

52-åringen seier at det er sakene i komiteen som er mest relevante for hans del i det korte vikariatet.

– Korleis har du førebudd deg?

– Eg har brukt delar av helga til å setje meg inn i sakene me skal handsame. Me har også særs dyktige rådgjevarar som er oppdaterte, og som  gjev oss det me treng av informasjon, svarar han.

Onsdag er det spørjetime på Stortinget, men Urbø tvilar på om han kjem til å bruke taletid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det krev nok ei grundigare førebuing enn det eg har hatt tid til denne venda, seier han.

Gler seg

Urbø seier at han gler seg til dei to dagane på Løvebakken.

– Det blir ei interessant erfaring, og berre det å finne fram i maktas korridorar, bokstaveleg talt, kan bli ei utfordring. Men som sagt har eg vore innom tidlegare, så det skal nok gå greitt, meiner han.

I helga hadde Senterpartiet landsstyremøte på Gardermoen, og Urbø fortel om eit godt møte.

– Det var eit veldig positivt møte. Meiningsmålingane for partiet er svært gode, og det gjev grunn for optimisme, avsluttar ein travel Tokkebuar.