Kjøpmann Oddmund Skeie smiler sjølv om det er hektiske dagar på Spar Rauland. Kundane er også nøgde.
Kjøpmann Oddmund Skeie smiler sjølv om det er hektiske dagar på Spar Rauland. Kundane er også nøgde.

Størst i landet

Sparbutikkane på Beitostølen, Geilo og Hemsedal kan berre gå og leggje seg. I vinterferien er Rauland varesenter størst.

Ei vanleg veke kan kjøpmann Oddmund Skeie på Spar Rauland notere ei omsetning på mellom 450 og 700 000 kroner. Så kjem vinterferieveka, og då eksploderer det.

Veke 8 i fjor hadde Spar Rauland ei omsetning på 2,3 millionar kroner. Kjøpmann Skeie reknar ikkje med at det blir noko mindre denne veka, sjølv om Rogaland hadde vinterferie i veke 7 i staden for 8 i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg moro å ligge framfor alle dei andre, seier Skeie.

Men det kostar. Det er ei utfordring når butikken er full av kundar store delar av opningstida. Kvar dag går det varer nok til å fylle ein stor lastebil ut av hyllene og gjennom kassene.

– Det er ei utfordring å ha nok folk på jobb i desse dagar. Det krev mykje arbeid å fylle opp hyllene når dei blir så fort tome, seier kjøpmannnen.

Det blir lange dagar og mykje tungt arbeid for dei tilsette, men det er positiv stemning i butikken likevel.

– Det er enorme mengder varer som skal inn og ut av butikken, så det er eit blodslit til tider. Men dei tilsette synest heldigvis det er moro at det går så bra, seier Nina Skeie, kona til Oddmund, som jobbar saman med ektemannen.

I påska ser drivarparet for seg nattskift for å få fylt opp hyllene. Trykket blir for stort på dagtid.

Parkeringsutfordringar

Å få folk fort nok gjennom kassene er også ei utfordring. Alle fire kassene bør vera opne for å få folk gjennom, slik at det ikkje skal bli kork verken inne i butikken eller på parkeringsplassen. For den fyller seg fort opp.

– Parkeringsplassane er eit reelt problem – både her og andre stader i Rauland. Parkering er ein flaskehals som eg håpar kommunen finn løysingar på snart. Det er sett av pengar til planlegging, så vidt eg veit, seier Skeie.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er siste opningsdag før vinterferieturistane vender nasen heim. Då blir det rolegare tider både for butikkfolket og raulendingane, fram til det brakar laus att ved påsketider.

– Dei aller fleste av dei fastbuande ser kor viktige turistane er for bygda, og er blide og fornøgde, sjølv om det blir fullt både i butikken og andre stader. Dei fleste handlar før klokka ti, altså før turistane er i vigør, smiler kjøpmannen, som skal roe ned i Italia nokre dagar etter vinterferien.

– Då reiser me til Val di Fiemme for å sjå på VM. Det er det artigaste eg veit, legg han til.