Sommaropphald for kunstnarar. (Privat foto)
Sommaropphald for kunstnarar. (Privat foto)

Sogevandring i Seljord

Torsdag blir det sogevandring til Nedre Uppebøn i Seljord. Garden ligg i det utgamle busettingsområde på Flatbygdi med utsyn mot fjelli og vatnet. I 1880–90-åri gjekk det for seg fleire arkeologiske utgravingar i området og dei neste 10-åri kom mange av våre kjende kunstnarar til Telemark. Nokre av desse hadde sommaropphald på Nedre Uppebøn og fann motiv i gamle tun og grender. Ein må møte fram ved Frivilligsentralen, melder arrangørane, Seljord Sogelag, Frivilligsentralen og Landstadsenteret.