Det blir kort mellom snø og regn torsdag.
Det blir kort mellom snø og regn torsdag.

Snøen kjem ein tur – så blir det mildvêr

Me tikkar sakte mot desember utan så mykje som eit snøfnugg på bakken i store delar av Vest-Telemark. I morgon kveld kjem dei dalande, men mildvêret som er meldt på torsdag er eit skår i gleda.

Det er varsla vanskelege køyreforhold i fjellområda i Sør-Noreg frå i morgon kveld til og med fredag. 

Etter ei lang tid med minusgrader er det meldt at kvikksylvet vil krype oppover mot 0 grader denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag kveld er det meldt snø fleire stader i regionen, men etter kvart som temperaturen stig utover natta vil det slå om til regn. Det er med andre ord fare for glatt køyrebane torsdag og fredag. Fredag ettermiddag vil faren avta, skriv yr.no i farevarslinga. 

Vi har sendt farevarsel på gult nivå for lokalt vanskelige kjøreforhold i#FjelletiSørNorge og#Østafjells. Årsaken er snø som etter hvert går over til regn, i tillegg til at temperaturen ligger rundt 0 grader. Se mer påhttps://t.co/sb4X9as5HV.pic.twitter.com/mCuxfRwHD8

— Meteorologene (@Meteorologene)27. november 2018