Havørna er Nord-Europas største rovfugl. Den kan ha eit vingespenn på opptil 240 centimeter. I Noreg blei havørna totalfreda i 1968.
Havørna er Nord-Europas største rovfugl. Den kan ha eit vingespenn på opptil 240 centimeter. I Noreg blei havørna totalfreda i 1968.

Skaut freda havørn ved saueflokk

Då Fyresdal-jegeren kom heim og såg det kom ei ørn ved saueflokken på garden til faren, skaut han. Det viste seg å vere ei havørn som blei drepe. Norges Miljøvernforbund har meldt skyttaren til politiet.

Ein dag i november var Gunnar K. Veum, sonen Knut Gunnarson Veum (22) og to kameratar på elgjakt. Knut måtte avslutte jakta tidlegare enn dei andre, og reiste til garden til faren på Veum for å sleppe ei bikkje inn i hundegarden. Då oppdaga han noko oppe i lufta.

– Eg trudde fyrst det var eit lite fly, men så såg eg at det var ei ørn. Ho forsvann bak løa og mot fôringsplassen til sauene. Eg sprang det eg kunne for å sjå, eg var sikker på at ørna hadde tatt eit lam, seier Knut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med elgbørsa i handa såg han ørna sitte i eit rogntre om lag 100 meter unna. Då han trudde ørna ville sleppe seg ned mot sauene, skaut Knut det som viste seg å vere ei havørn – ein rovfugl som har vore freda sidan 1968.

Ikkje imot ørn

– Eg har aldri sett havørn, eg trudde det var kongeørn. Heldigvis låg det ikkje daudt lam på jordet.

– Eg har ikkje noko imot ørn, men er synest ikkje noko om dei store mengdene me har i området i dag. Det er fleire gonger sett ørn over gardane på Veum, og det er ikkje noko moro å ha slikt i nærleiken, også med tanke på bikkjene i hundegarden, seier Knut.

Knut Gunnarson Veum er meldt til politiet etter at han skaut ei havørn ved ein saueflokk i Fyresdal.
Knut Gunnarson Veum er meldt til politiet etter at han skaut ei havørn ved ein saueflokk i Fyresdal.

Han kjem elles godt ihug i vår då faren fekk sjå ei ørn letta frå eit nydrepe lam, berre tre timar etter at saueflokken hans var fylgt til fjells.

Knut er ikkje kjent med at han er meldt til politiet av Norges Miljøvernforbund, før VTB fortel han det.

– Eg meiner framleis det var heilt rett å skyte, seier Knut, over to veker etter hendinga og nokre dagar før han skal til politiavhøyr.

Stør sonen fullt ut

– Dette er ei heilt grei og ryddig naudverjesak. Same dagen ørna blei skote, kontakta me politiet og Statens naturoppsyn (SNO), seier Gunnar K. Veum.

Han har registrert dei negative reaksjonane frå ulike hald på nettet etter at havørna blei skote, men meiner saka har blitt blåst opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me bønder blir ofte skulda for ikkje å passe på sauene våre. Når me gjer det som i dette tilfellet, blir det gale det også. Eg stør Knut 100 prosent i at han skaut, seier faren.

– For oss er det klinkande likegyldig om det var havørn eller kongeørn, og det er vanskeleg å sjå forskjell på dei, legg han til.

Gunnar trur ikkje på at det kjem nokon reaksjon frå politiet etter hendinga.

– Me ser ikkje på det som skjedde som vanskeleg i det heile, avsluttar sauebonden.

Reagerer kraftig

«Norges Miljøvernforbund (NMF) blei i dag 30. november 2017 tipsa om at ein jeger i påstått nødverge hadde skote ei havørn. Det går fram av media i dag at jegeren trudde det var ei kongeørn. Ein utdanna jeger skal kunne skilje vesentlege artar frå kvarandre, og måtte i dette tilfelle vite at det ikkje var ei kongeørn han frykta skulle desimere sauebestanden. Er ein jeger i det minste i tvil i forhold til å identifisere arten, skal han eller ho la vere å skyte».

Dette skriv NMF i meldinga til Telemark politidistrikt. Fyresdølen er meldt for brot på Naturmangfaldlova (føre-var prinsippet), NMF bed politiet etterforske saka og at jegeren blir påtala etter paragraf 75 i lova. Der er straffa bøter eller fengsel inntil eitt år.

Vidare krev forbundet at straffelovas paragraf 240 blir vurdert brukt for aktlaust å ha skote og drepe eitt eksemplar av ein freda art; havørn. Denne paragrafen har ei strafferamme på inntil seks år om det er gjort noko forsetteleg eller grovt aktlaust.

Meldinga er skriven under av Kurt W. Oddekalv, leiar i NMF.