Ingen av dyra som er testa på Hardangervidda har hatt skrantesjuke, men jegerane må ta prøver under jakta til hausten.
Ingen av dyra som er testa på Hardangervidda har hatt skrantesjuke, men jegerane må ta prøver under jakta til hausten.

Skal ta ut heile villreinsstamma i Nordfjella for å unngå spreiing av skrantesjuke til Hardangervidda

Før 1. mai neste år skal heile villreinstamma på 2000 dyr i Nordfjella avlivast for å unngå at skrantesjuken spreier seg, mellom anna til den største villreinstamma på Hardangervidda.

I mars i fjor blei det for fyrste gong i historia påvist skrantesjuke (Chronic Wasting Disease, CDW) hos reinsdyr. Det skjedde i Nordfjella, mellom Hemsedal og Lærdal. I september blei det funne to nye reinsdyr med den dødelege sjukdomen. Det er også registrert to elgar i Selbu med skrantesjuke.

– Tidlegare er skrantesjuken berre oppdaga på hjort og elg i Nord-Amerika og Asia, kunne Knut Nylend hos Statens naturoppsyn informere medlemmene i planutvalet i Vinje om då han onsdag gav ein status om stoda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle må avlivast

Erfaringar frå Nord-Amerika er at skrantesjuke er svært smittsamt. Ifylgje Vitskapskomiteen for mattryggleik kan smitte overførast direkte frå dyr til dyr, eller indirekte gjennom miljøet. Det er no bestemt at heile villreinstamma på vel 2 000 dyr i Nordfjella (omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Hemsedal, Hol, Ål og Ulvik) skal avlivast. Dette skal gjerast i løpet av eitt år. Korleis det skal bli gjennomført blir avgjort i midten av juni. Bakgrunnen for det drastiske tiltaket er at sjukdomen ikkje vil forsvinne av seg sjølv, og at han vil stadig ramme fleire hjortedyr og spreie seg til nye delar av landet.

– Det er sjølvsagt dramatisk. Då eg fyrst høyrde om det tenkte eg at det var som med fugleinfluensaen då me måtte kle oss i beskyttelsesdrakter, men som ingen snakkar om lenger i dag. Men når eit samla fagmiljø, som ofte kan vera ueinige, var så klare og samstemte, er det alvor, sa Nylend.

Mattilsynet, Veterinærinstituttet, Miljødirektoratet, SNO og NINA er blant fagetatane som er samde. Etter at villreinstamma er tatt ut skal området liggje brakk i minst fem år.

Knut Nylend frå Statens naturoppsyn informerte plan- og miljøutvalet i Vinje om skrantesjuke blant hjortevilt.
Knut Nylend frå Statens naturoppsyn informerte plan- og miljøutvalet i Vinje om skrantesjuke blant hjortevilt.
Skrantesjuke påvist på tre reinsdyr gjer at alle dyra i Nordfjella må avlivast før 1. mai neste år. Bildet er frå Fjellheimen.
Skrantesjuke påvist på tre reinsdyr gjer at alle dyra i Nordfjella må avlivast før 1. mai neste år. Bildet er frå Fjellheimen.

Krevjande jobb

– Er ikkje dette ekstremt drastisk, undra Alf Seltveit (Ap).

– Mange meiner det, men fagmiljøa meiner etter omfattande vurderingar, at dette vil vera einaste farbare veg, svara Nylend.  

Han viste til at det er om lag 36 000 villrein i Noreg, og at reknestykket er enkelt dersom det å ta ut 2 000 dyr kan berge 34 000. Nylend la til at effekten er usikker.

– Mandatet er at det skal vera tomt 1. mai neste år. Det vil bli svært krevjande på så kort tid, sa Nylend, som ikkje ville kommentere om det er realistisk å nå dette målet.

Villreinjakta i den nordaustlege delen av Nordfjella (sone 1) er utvida og varer frå 10. august ut oktober. I tillegg er kvoten tredobla. Den forsterka jakta er ein viktig del av planen med å førebyggje skrantesjuke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jegerane må ta prøver

Det er tatt prøver av døde dyr på Hardangervidda – alle prøvene har vore negative. Nylend understreka at det ikkje er påvist fleire positive prøver enn dei tre reinsdyra i Nordfjella og dei to elgane i Selbu, men meinte det kanskje ville vera vel optimistisk å tru at det ikkje var andre dyr som var smitta.

SNO har i dag ansvaret med å overvake villrein i Nordfjella. Det er i den nordre delen av området skrantesjuken er påvist. Nylend kunne fortelje om mange utfordringar i arbeidet. Dei skal mellom anna sjå til at villreinen ikkje blandar seg med tamrein, og i motsetnad til det som er ynskeleg til vanleg – unngå at det blir utveksla rein mellom Nordfjella og Hardangervidda i sør – med den største villreinstamma i landet med meir enn 10 000 dyr vinterstid.

Ope møte

13. juni inviterer Hardangervidda villreinutval til ope møte på Vinjehuset. Sjølv om skrantesjuke ikkje er påvist i dette området, må alle villreinjegerar under haustens jakt samle inn prøver frå skotne dyr. På møtet blir det informert om skrantesjuke som er påvist hos villrein, kva det er og kva konsekvensar det får for villreinområdet på Hardangervidda. Jørn Våge frå veterinærinstituttet, Sigurd Espeland frå Mattilsynet og Svein Erik Lund i villreinutvalet er blant dei som deltek. 

Skrantesjuke

– Smittsam, kronisk, nevrologisk sjukdom hos hjortedyr.

– Prionsjukdom (protein som blir endra og ikkje broten ned i kroppen)

– Dyra er smittsame og sjukdomsframkallande i mange år. 

– Skadar nervesystemet og er alltid dødeleg.

– Risikoen for at sjukdomen kan overførast til menneske blir rekna som «svært låg».

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjelde: Wikipedia, villrein.no

Villreinjakta på Hardangervidda

Kvote: 6 000 kontrollkort. Av dette er 2 100 fridyrkort og 3 900 simle/ungdyrkort med kalv inkludert. (Kvoten i 2016 var på 8 000 kontrollkort.)

Alle jegerar må ta prøver og sende desse inn av alle felte dyr som er halvtanna år eller eldre.

Felling 2016: 1838 dyr. (I tillegg blei 323 dyr drepne i eit lynnedslag).

Kjelde: Hardangervidda villreinutval