Røde kors henta heim skiløparar som hadde gått seg bort

Vinje: Natt til torsdag fekk politiet melding frå tre skiløyparar som hadde gått seg vekk mellom Hellevassbu og Haukeliseter fjellstoge i Vinje.

Skiløyparane, tre kvinner i 20-åra, hadde med seg pulkar og var godt utstyrt. Dei slo opp telt for å vente på at hjelpa skulle kome.

Politiet hadde kontakt med personane via mobiltelefon, og hadde difor ein posisjon på kvar dei var. Snøskuterpatruljen til Vinje Røde Kors stilte med sju skuterar, som køyrde i retning skiløyparane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett før klokka 02.00 natt til torsdag melde politiet at mannskapa frå Røde Kors hadde kome fram til dei tre personane, som var i god behald. Dei tre vart køyrd ned til Haukeliseter fjellstue, melder politiet.