Rock- og hiphophelg i Vinje

Denne helga skal alle banda i kulturskulen i Vinje ha rockehelg på Vinjehuset. Sundag blir det open konsert i festsalen, med både musikk og dans.

– Samspelshelga er eit prosjekt som me søkte og fekk 20 000 kroner i stimuleringsmidlar til frå UKM Norge. Bakgrunnen var å stimulere all ungdomen som spelar i band i kommunen til å jobbe med låtskriving og scenebevissheit, og at resultata frå denne helga blir presentera på UKM i Vinje fredag 5. februar, seier kulturskulerektor Anders Blystad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fann også plass til vaksenopplæringsbandet «African superstars» denne helga, samt eit nytt band frå kulturskulen i Tokke.

– Til saman er det åtte band som skal på denne workshopen og jobbe kreativt og skapande under profesjonell rettleiing. Instruktørane er svært dyktige utøvarar og pedagogar med mykje banderfaring, blant anna frå Pagans Mind og Paal Flaata Band, seier Blystad.

I tillegg er det hip-hop-kurs same helg.

– Her har me to kurs, eit for dei minste og eit for eldre ungdom, og påmeldinga er svært bra, opplyser rektoren.

Heile helga endar i ei open framsyning med både musikarane og danserane sundag ettermiddag. Slik får dei ei god generalprøve før UKM neste fredag.