Telemarksekspressen mellom Seljord og Tønsberg er ei viktig rute for Vest-Telemark. Sjåfør Tor Østenå frå Fjågesund er her på E 18 mellom Torp og Larvik.
Telemarksekspressen mellom Seljord og Tønsberg er ei viktig rute for Vest-Telemark. Sjåfør Tor Østenå frå Fjågesund er her på E 18 mellom Torp og Larvik.

Raud-grønt fleirtal sikrar bilrutene

Telemark Bilruter (TBR) ser ut til å vere sikra ny kontrakt med fylkeskommunen. Det politiske fleirtalet ynskjer ei ny seksårskontrakt med TBR med mogleg forlenging.

Måndag drøfta hovudutvalet for infrastruktur i fylkeskommunen nye avtaler med kollektivtransporten utanfor Grenland og Kragerø. Fleirtalet på fem (Sp, Ap og SV) gjekk inn for at Telemark Bilruter får inngå ein ny nettokontrakt dei neste seks åra for busskøyringa i Vest-Telemark, forutan dei tri fylkesoverskridande ekspressrutene TBR er involvert i.

Mindretalet i infrastrukturutvalet (Høgre, Frp og Venstre) var samde om prinsippet om nettokontraktar, men ville ha bussrutene i TBR sitt område ut på anbod i heile Europa. Mindretalet støtta seg på oppfatninga til fylkesrådmannen. Han ville konkurranseutsette trafikken frå sommaren 2011, eventuelt frå sommaren 2012. Fylkesrådmannen tok då til orde for at busselskapet som vann anbodet skulle få ein seks års kontrakt med høve til forlenging i inntil tri år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) seier til VTB at han er glad for at grunnen no er lagt for at TBR får fornya konsesjonen sin fram til 2019. Handsaminga i hovudutvalet for infrastruktur skal vidare til fylkesutvalet og få si endelege avgjerd i fylkestinget i slutten av april.

– Eg kan ikkje sjå anna enn at saka er avgjort. Fleirtalet er det same både i fylkesutvalet og fylkestinget, påpeiker fylkesvaraordføraren.

I samsvar med VTR

Lars Bjaadal seier det no vert tingingar mellom TBR og Vestviken Kollektivtrafikk om dei nye kontraktane som skal ha ei lengde på seks år, men der det er opna for prolongasjon. I klartekst betyr det at det politiske fleirtalet i fylkeskommunen har avgjort at ein ikkje vil ha konkurranseutsetting av dei rutene TBR har ansvaret for i dag.

Vest-Telemarkrådet (VTR) har engasjert seg sterkt i fornyinga av avtalene mellom Telemark fylkeskommune og trafikkselskapa. 16. februar handsama rådet fylkeskommunens framlegg til kollektivtransport i distrikta. Rådet vedtok samrøystes å oppmode om fornying av avtalene med kollektivselskapa i same kontraktsform som no. Det vil seie nettokontraktar eller såkalla tenestekonsesjonskontrakt. VTR understreka også at det etter dagens lovverk er høve til ei slik fornying fram mot 2019. Dermed får distrikta og dei lokala busselskapa tid til å førebu seg på endringar som måtte kome som fylgje av EU-forordningar.

Regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes i Vest-Telemarkrådet seier i ein kommentar til VTB at han er glad for fleirtalsavgjerda i hovudutvalet for infrastruktur måndag. Gleda til Heggenes gjeld både kontraktsforma fleirtalet har valt, og at det no skal vere tingingar med Telemark Bilruter utan at ruteområdet vert sett ut på anbod i heile EU-området.

Lokalrutene

Disponent Svein Olav Straand i Telemark Bilruter seier til VTB at dersom rutene vert sette ut på anbod er det berre ekspressbussrutene konkurrentar vil sikre seg og ikkje lokalrutene i Vest-Telemark.

Straand peiker på at TBR har ein liten og smidig organisasjon. Dei fylkeskryssande ekspressrutene vart oppretta grunna dårleg økonomi i si tid i fylkeskommunen. Det skapte eit press for å tenkje nytt frå Telemark Bilruters side.

– Me vil vere herre i eige hus. Difor er nettokontraktar viktig. I tillegg har bilrutene distriktstenking i alt me gjer. No kan me få fornye kontrakten vår med fylkeskommunen til 2019. Heile tida har me visst at det berre har vore snakk om vilje blant politikarane i fylkeskommunen, fortel disponent Straand.

Artikkelen held fram under annonsen.

TBR-leiaren viser til at alle aktivitetane bilrutene driv heng saman. Dersom fylkesbyråkratane byrjar å slå beina under ein fot kan ein risikere at TBR ramlar saman som eit korthus. Då vil ein rokke ved meir enn 200 lokale arbeidsplassar, der dei fleste er busette i Vest-Telemark.

– Det me ynskjer er ein ny tilsvarande kontrakt som den me har, seier Svein Olav Straand.

Kontraktsformer

Nettokontrakt: Dette er ein kontraktsform der bilruta sjølv mottek inntektene frå passasjerane, og i tillegg mottek eit vederlag frå fylkeskommunen. Bilruta har stor innverknad på rutestruktur, frekvens og marknadsføring. Trafikkinntektene går inn som ein del av den totale godtgjersla og stimulerer til ei maksimering av desse. Etter gjeldande regelverk må ikkje nettokontraktar konkurranseutsetjast, men dette vert endra når den nye EU-forordninga vert implementert i norsk rett. Truleg skjer det i løpet av 2010.

Bruttokontrakt: I denne kontraktsforma vil fylkeskommunen (Vestviken Kollektivtrafikk) motta inntektene og betaler bilruta eit fast vederlag. Inntektsrisikoen ligg hjå fylkeskommunen som også gjennom Vestviken Kollektivtrafikk vil ha marknadsansvaret, fastsette rutestruktur og frekvens. Bilruta får godtgjersle for den produksjonen dei utfører. Denne forma for kontrakt vert ofte nytta når til dømes fylkeskommunen ynskjer sterkare styring med utvikling og utforming av kollektivtilbodet. Bruttokontraktar vert rekna som reine tenestekjøp, og må etter EU-reglane setjast ut på ordinært anbod i samsvar med anskaffingsregelverket.

– Den viktigaste bussruta i heile fylket

Disponent Svein Olav Straand i Telemark Bilruter (TBR) er ikkje i tvil om at Telemarkekspressen mellom Seljord og Tønsberg er den viktigaste bussruta i heile Telemark.

I dag har Telemarkekspressen 18 avgangar per døgn, og ruta frakta 330.000 passasjerar siste året. TBR og Nettbuss Drammen driv denne ekspressruta i lag på 50/50-basis. Dette busstilbodet starta i 1997 som «By og land-ruta» og vidare til Telemarkekspressen frå 2003.

– Me har brukt uhorveleg mykje pengar på å etablere Telemarkekspressen. Gjennom åra er det bygt stein på stein, og sidan har me vendt på alle steinane for å få ei lønsam rute. I dag går ruta med eit lite pluss i rekneskapen, fortel disponent Straand.

Som døme på dei kontinuerlege tilpassingane nemner TBR-leiaren at ein periode køyrde Telemarkekspressen innom ferjehamnene i både Larvik og Sandefjord. Det var ikkje økonomi i det tilbodet, og det er borte no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kviler på fire bein

For nokre dagar sidan var VTB med ekspressruta frå Seljord til Torp og attende med Tor Østenå frå Fjågesund som sjåfør. Han trivst godt å køyre frå Seljord til Torp, og på ettermiddagsvaktene hans er Tønsberg siste stoppestad.

På turen me køyrde

d fekk me oppleve alle dei fire beina Telemarkekspressens lønsemd kviler på:

* All skulekøyringa for vidaregåande skular frå Seljord til Porsgrunn.

* Togbuss for NSB mellom Skien, Porsgrunn og Larvik.

* Trafikken mellom Vest-Telemark og Midt-Telemark og Sandefjord lufthavn Torp.

* Frå Vestfold mot Midt-Telemark og Vest-Telemark i samband med Haukeliekspressen til Haugesund og Bergen.

Ingen resept

Telemarkekspressen vert i fylgje disponent Straand historie dersom ein plukkar bort eitt av desse fire beina. Då spår han at ein vil vere attende til tida då det gjekk tri bussar dagleg mellom Vest-Telemark og Skien. Frå og til Bø var det eit litt betre busstilbod med fylkeshovudstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det finst ingen resept på korleis ein skal køyre ei rute som Telemarksekspressen. Difor må me sjølve ha fridom til laupande tilpassingar i tråd med marknaden. Eg vonar fylkeskommunen eller Vestviken Kollektivtrafikk ikkje lager vanskar for desse fylkeskryssande ekspressbussane, slik at me kan halde fram å køyre Telemarkekspressen mellom Telemark og Vestfold. Passasjerane ser ikkje fylkesgrenser. Dei grensene finst stort sett berre i politikaranes verden, meiner Svein Olav Straand.

Vestfold er viktig

Utan køyringa i Vestfold, vil trafikken berre verte ei lokalrute i Telemark. Ein slik amputasjon meiner Straand i neste omgang får store konsekvensar for trafikkgrunnlaget på Haukeliekspressen. Han nemner som døme korleis trafikken til og frå Bergen mest er borte etter at Skyss (Hordaland fylkeskommunens kollektivkjøpar) har klart å øydeleggje eit velfungerande ekspressbusstilbod.

– Det styrande må vere kva som er tenleg for publikum, og så me ekspressbussane ha ei prissetting marknaden er viljug til å betale, hevdar disponent Svein Olav Straand.