Opposisjonsleiar Jørund A. Ruud (t.h.) og fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) fortel Fyresdal-ordførar Bjørn Nome (Sp) at arbeida på fv 355 startar neste år i tråd med dei opphavlege prioriteringane.
Opposisjonsleiar Jørund A. Ruud (t.h.) og fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) fortel Fyresdal-ordførar Bjørn Nome (Sp) at arbeida på fv 355 startar neste år i tråd med dei opphavlege prioriteringane.

Politikarane vil ikkje utsetje vegarbeida

Der er ikkje politisk fleirtal for å utsetje viktige veginvesteringar i Vest-Telemark frå 2011 til 2012. I budsjettframlegget frå fylkesrådmannen er prosjekta skuva fram eitt år på grunn av opprustinga av Tinnsjøtunnelane på fv 37.

Erling Dahl (Frp), leiar i infrastrukturutvalet, seier til VTB at det er heilt uaktuelt å endre det opphavlege investeringsprogrammet for fylkesvegar.

– Startløyvinga på 11 millionar kroner til fv 355 frå Tjønnefoss gjennom Fyresdal til Krossli kjem på 2011-budsjettet. Det same gjer 6 millionar kroner til rv 38 mellom Dalen og Åmot, og ferdiggjering av gang- og sykkelvegen mellom Gullkopp og Dalen skule, forsikrar Erling Dahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han peiker på at regionråda i Telemark har prioritert vegprosjekta på ein god måte. Då finn Dahl det urimeleg at resultatet av den gode prosessen, vert kasta om grunna dårlege tunnelar på Tinnsjøvegen.

– Investeringsprogrammet for fylkesvegane dei komande åra, slik det er vedteke i infrastrukturutvalet, skal framleis ligge i botn. I slutten av januar kjem det endelege kostnadsoverslaget for tunnelarbeida med anleggsstart i april. Dei kostnadane skal ikkje gå ut over dei andre prosjekta, konkluderer Erling Dahl.

Politisk semje

Både fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) og opposisjonsleiar Jørund A. Ruud (Ap) er av same meining som Dahl.

– Me kan ikkje vere med på at utbetringa av to tunnelar på Tinnsjøvegen skal støvsuge heile investeringsbudsjettet for fylkesvegane neste år. Difor er det heilt uaktuelt å gå bort frå dei tidlegare vedtekne prioriteringane for 2011, slik fylkesrådmann Rolf-Helge Grønås gjer framlegg om, seier fylkesvaraordføraren.

Bjaadal nemner at dei to tunnelane kosta 300 millionar kroner å byggje for 20 år sidan, medan vedlikehalds- og utbetringsarbeidet no er rekna til 150 millionar kroner. Vegvesenet oppjusterte kostnaden nyleg med 50 millionar kroner.

Låneopptak

– Desse 50 millionane får fylkeskommunen finansiere med låneopptak, meiner Lars Bjaadal.

Jørund A. Ruud peiker på av fv 355 er ein viktig veg, og den einaste til og frå Fyresdal. Likeeins vil Arbeidarpartiet ha ferdigstilt gang- og sykkelvegen langs rv 38 på Dalen.

– Me får finne andre midlar for å fullfinansiere tunnelarbeida på Tinnsjøvegen, seier opposisjonsleiaren i fylkestinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fv 355 avgjerande

Ordførar Bjørn Nome (Sp) i Fyresdal stadfestar at god standard på fv 355 er avgjerande for næringsutviklinga i kommunen. Dersom fylkesrådmannen hadde samla politisk støtte for utsetjingsframlegget sitt, er Nome redd for at det hadde oppstått uvisse om når vegarbeidet hadde kome i gang.

– På kvart einaste møte kommunen har med næringslivet dukkar den elendige vegstandarden opp i ordskiftet. Telemark Kildevann er ein stor arbeidsplass i Fyresdal som me må ta vare på. Men dei er ikkje framand for å flytte produksjonen til Sverige om ikkje fv 355 får ein standard som reduserer transportkostnadene, fortel ordførar Bjørn Nome.