Petter Martinsen, på ein nyleg renovert Kalhovd Turisthytte, er på jakt etter ny kollega når sambuar Kjersti Wøllo gjeng over i ny jobb.
Petter Martinsen, på ein nyleg renovert Kalhovd Turisthytte, er på jakt etter ny kollega når sambuar Kjersti Wøllo gjeng over i ny jobb.

Petter søkjer ny «dame» til Kalhovd Turisthytte

Når dørene på Kalhovd opnar for ny sesong møter gjestene både ein innvendig oppgradering av hytta og eit nytt vertskapsansikt. Sidan 2015 har Kjersti Wøllo og sambuar Petter Martinsen hatt ansvar for Kalhovd Turisthytte. Men no splittar duoen.

– Ikkje som sambuarar, men som vertskap. Viktig å poengtere det altså, seier Wøllo smilande.

Ho har fått jobb som marknadsansvarleg for Kongsberg Jazzfestival.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje enkelt å forlate noko som har blive så mykje av identiteten din. Det har vore ein unik erfaring med fantastiske menneskemøte, både i form av gjester og kollegaer, seier Wøllo.

– Heldigvis er det mange som kjem tilbake år etter år, seier Martinsen.

Det mest krevjande er å lære opp nye. Me har ein kort og intens sesong og når me opnar dørene må alt fungere både teknisk og mentalt. Kalhovd skal vere ein god stad å vere, anten du er gjest eller tilsett, avsluttar han.

Viktige pådrivarar

– Kjersti og Petter har vore med oss sidan me i 2006 valte å drifte turisthyttene for eiga rekning, seier dagleg leiar i DNT Telemark, Jon Atle Holmberg i ei pressemelding.

I 2015 ville dei ha nye utfordringar og nytta sjansen når det opna seg ein moglegheit på Kalhovd.

– Dei har vore viktige pådrivarar for å definere DNT Telemarks Turisthytter til det kvalitetsstempelet de har i dag. Når Kjersti no gjeng nye vegar mistar me ein dyktig og godt likt kollega. Men når ein kjenner Kjersti og veit kva som driver ho, er det likevel lett å forstå etter 13 sesongar på turisthytte, seier Holmberg.

Petter søkjer ny «dame»

No startar prosessen med å finne ein ny kollega til Martinsen.

– Å hoppe etter Wirkola er eit treffande begrep når me no skal tilsetje Kjersti si arvtakar. Me er difor veldig glade for at Petter held fram. Med han som solid støttespelar er me sikre på at det er mogleg å ta over stafettpinnen etter Kjersti på ein god måte. Saman med Petter ser me framover, og ser dette som ein moglegheit til å tilpasse kompetansen på Kalhovd til dagens behov. Og sidan Petter beheld Kjersti på heimebane, er han open for å vurdere både mannlege og kvinnelege partnarar på jobb. 2019 er trass alt DNTs inkludering- og mangfaldsår, avsluttar Holmberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter årets sesong har friviljuge eldsjeler frå DNT gjort ein stor innsats på Kalhovd i form av dugnad. Matsalen, Kalhovds viktigaste rom, har fått nytt golv og veggane er lysna. Alle bygningane strålar i nymåla raudt. Nye rømmingsdører har kome på plass og gjestar som besøker turisthytta når ho ikkje er bemanna kan glede seg over ny utedo. Med hjarte i døra, sjølvsagt.