Gunnar K. Veum fekk i år det fyrste lammetapet bare kort tid etter saueflokksleppet til fjells.
Gunnar K. Veum fekk i år det fyrste lammetapet bare kort tid etter saueflokksleppet til fjells.

Ørn tok lam like etter sleppet

Tre timar etter at fyresdølen Gunnar K. Veum hadde fylgt saueflokken sin til fjells, fekk han sjå ei ørn letta frå eit nydrepe lam.

Laurdag 10. juni dreiv Gunnar K. Veum og fem andre personar 370 sauer og lam frå garden på Veum og opp til Ørnekvæven om lag 1000 meter over havet.

– Eg såg ei ørn som hang på himmelen, men det er så vanleg der oppe, seier Veum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om kvelden og tre timar etter at sauedrivarane hadde forlate flokken, var Veum tilbake i heia for å overnatte ute saman med sauene og passe på dei.

Pressa gjennom skallen

– På same staden der me reiste frå sauesaueflokken tre timar tidlegare letta det ei ørn ti meter unna meg. Det var ei veldig stor ørn, og ho kom rett mot meg. Eg gjekk bort til der ørna hadde letta. Der låg det eit daudt lam. Det viste seg at ørna hadde tatt lammet med båe klørne og pressa dei gjennom hovudskallen, seier Veum.

Han seier at eit slikt tilfelle der ein tek ørna så på fersken er svært uvanleg.

– Det var heilt utruleg flaks og tilfeldig å gå rett på, seier Veum.

Han dekte til lammet med presenning, og neste dag blei ein rovviltkontakt med opp i heia.

– Ørna var rett over hovudet på meg og rovviltkontakten. Statens naturoppsyn stadfesta at det var ørn som hadde tatt lammet, seier Veum.

Kurant å ta ut

Artikkelen held fram under annonsen.

Roan beitelag, der Veum er med, søkte om fellingsløyve på ørna, men fekk avslag av Fylkesmannen.

– Det er veldig dårleg at ein ikkje får skadefellingsløyve. Ørna tok lammet bare tre timar etter me slapp saueflokken. Denne ørna hadde vore kurant å ta

ut, seier Veum, og legg til at det er mykje ørn i heia.

I samband med søknaden om fellingsløyve gav Fylkesmannen beitelaget 10 0000 kroner for å intensivere tilsynet.

– Å få 10 000 kroner var eigentleg positivt, men det økonomiske har ikkje mykje å bety. Det er viktigare med liva til lamma, a, seier Veum. på veg inn i heia att.