Ordførarkandidatane frå Høgre i Vest-Telemark ønsker å bevare dagens struktur med tingrett og jordskifterett i Øvre Telemark. Her representert ved Tor Bendik Midtgarden (t.v.) frå Høgre i Fyresdal og Halvor Nyland frå Høgre i Kviteseid.
Ordførarkandidatane frå Høgre i Vest-Telemark ønsker å bevare dagens struktur med tingrett og jordskifterett i Øvre Telemark. Her representert ved Tor Bendik Midtgarden (t.v.) frå Høgre i Fyresdal og Halvor Nyland frå Høgre i Kviteseid.

Ordførarkandidatane frå Høgre vil kjempe for domstolen

Med eit innspel om å bevare dagens struktur med Vest-Telemark tingrett og Øvre Telemark jordskifterett, talar Høgres ordførarkandidatar i Vest-Telemark eige parti midt imot.

– Dette er ei viktig politisk sak for Vest-Telemark, meiner ordførarkandidat for Høgre i Kviteseid, Halvor Nyland.

Han synest det er underleg at saka har gått under radaren, og fortel at han relativt nyleg vart gjort merksam på at arbeidet som domstolskommisjonen knytt til struktur av domstolane skal bli gjeve innan 1. oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må gje beskjed

I dag er det tre domstolar i Telemark, lokalisert i Kviteseid, Skien og på Notodden. Regjeringa har mellom anna ytra at dei vil sjå på moglegheiter for å effektivisere og vurdere spørsmål for å sikre domstolens sjølvstende.

Derfor er det sett ned eit utval, domstolskommisjonen, som ser på organiseringa av domstolane i heile landet. Det eine hovudpunktet er struktur, og det er i den samband høgrepolitikarane kjem med sitt innspel. Uttala er signert dei fem ordførarkandidatane Halvor Nyland, Kristine Sandall (Nissedal), Per Dehli (Seljord), Tor Bendik Midtgarden (Fyresdal) og Arne Skogheim (Vinje).

Dei tek her til orde for at den samlokaliseringa som er mellom Vest-Telemark tingrett og Øvre Telemark jordskifterett i dag også vil vere berekraftig i tida framover. Innspelet er alt sendt til Høgre sin representant i justiskomiteen.

– Kva meiner partiet sentralt om utspelet?

– Me gjeng imot partiet sentralt, vedgår Nyland.

– Eg er ikkje einig i alt, til dømes er eg ikkje einig i politireformen, men ein må engasjere seg for å ha ei stemme inn mot dei som styrer, meiner Tor Bendik Midtgarden.

Dei to er klare på at det er viktig å seie ifrå til eige parti, og har tru på at dei blir høyrt.

– Å seie frå ligg i vårt mandat som politikarar, påpeikar Midtgarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig for heile Vest-Telemark

For dei fem ordførarkandidatane var det ikkje vanskeleg å samle seg om eit felles standpunkt i saka.

– Det er viktig at me kan samarbeide. Dette er ei viktig sak for Kviteseid, og for Vest-Telemark, seier kandidaten frå Fyresdal.

Dei peikar på at det i dag er 8–9 arbeidsplassar i domstolane, og at jordskifteretten dekker eit areal som utgjer 67 prosent av fylket. Dei meiner at lenger reiseveg vil føre til auka kostnadar, og at dagens samlokalisering er ein rasjonell måte å drive på. I tillegg ser dei samlokaliseringa som ein styrke for fagmiljøet.

Den endelege utgreiinga frå kommisjonen skal vere ferdig i august neste år.

– Me må berre innrømme at dette kanskje burde vore gjort for eitt år sidan, seier Nyland.

– Toget har kanskje reist frå perrongen, men er ikkje heilt i mål endå, meiner Midtgarden.

kari.s@vtb.no