Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester spelar jolesongar på Stortinget T-banestasjon.
Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester spelar jolesongar på Stortinget T-banestasjon.

Odd gav jolestemning på T-banen

STORTINGET: Måndag ettermiddag overraska Odd Nordstoga med ein aldri så liten konsert på Stortinget T-banestasjon.

Saman med Frida Ånnevik og Det Norske Kammerorkester, som begge gjestardet nye jolealbumet til den folkekjære artisten frå Vinje, sørgde Odd Nordstoga for å lette på ettermiddagssinnet til mang ein T-banepassasjer i Oslo i dag. 

«Til slutt kom me til Stortinget», skreiv han over eit bilde av seg sjølv og orkesteret som gjorde alt klart på ein Instagram-story før konserten tok til. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Så begynte dei å spele jolemusikk. 

Dagsavisen omtalar den uventa konserten slik: 

«Folk på vei hjem fra jobb i den travle rushtida på Stortinget T-banestasjon må stoppe og sperre øynene opp: For der, midt i alt kaoset i firetida mandag ettermiddag, står plutselig Odd Nordstoga og Frida Ånnevik og synger sammen med musikere fra Det Norske Kammerorkester.»

Ville glede folk

Med «Jul i svingen» og «Det hev ei rose sprunge» laga dei magisk stemning for dei forbipasserande. 

 – Å, nå fekk i alle fall eg jolestemning, seier en av tilskuerne fornøgd til Dagsavisen. 

Det viste seg at det heile var ein del av eit opptak til Senkveld på TV 2, i tillegg til å vera eit artig stunt. 

– Me ville glede folk som går forbi. Trur du dei fekk jolestemning? Viss dei gjorde det, så er det heilt supert! Sjølv om det ikkje er 1. søndag i advent enno, seier Odd til Dagsavisen. 

Odd fortel vidare om fantastisk akustikk på T-banestasjonen, men at det kanskje er meir gøy for vokalisten enn for publikum. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjallar og bråkar nokså mykje her inne, seier han. 

Neste fredag står Odd på scena i Oslo spektrum, der han sparkar i gong joleturneen sin. 

Det snør i landet. Mørkt i nord,                

men kvart eit snøflak ber                         

på biletet av stjerna stor,                          

og lovar oss at ljos frå den                        

er alltid hjå oss, her.                                 

 

Maria veit det, ho vart synt

ein flik av Det-som-er.

Det var nok for henne: “Lat

det bli som du har sagt”, sa ho

og gav sitt ja der.

 

Det ja-et skin i snø og tre,

i jordas heile liv.

Det lovar oss: Du finn snart stad

djupt i vår sjel og heilar der

alt vårt tjat og kiv.

 

Tre vismenn går i mørkret fram.

Dei veit det snart skal skje.

Dei veit at jord og himmel skal

bli eitt når du stig fram for oss,                                    

og alt blir fylt av fred.

 

Herodes vil ha alt som før.

Han rustar opp og trur

at stål og bomber frelser han.

Lite veit han at det er

mot deg han byggjer mur.

 

Men Josef måkar snø og set

ut ljos for dei som kjem;

for sjå: Her, midt i driv og fonn,

med fjell og grender rundt ikring,

er byen Betlehem.

 

Og så står tida still, for no

blir jorda kyst av Gud.

Alt skapt kan kjenne det og syng

til deg med frygd og lyst: frå aust

og vest, frå nord og sud.

 

Og møy og mann sit hand i hand

og englar følgjer med;

dei vise tre frå Austarland

er komne fram, stig varleg inn

og helsar deg på kne.

 

Og du er her: eit lite bån

så skøyrt under fell.

Me ser deg alle og me veit:

Vår Konge er du, fødd for oss

i denne helga kveld.