Jarand Felland meiner ny læreplan er eit angrep på nynorsk.
Jarand Felland meiner ny læreplan er eit angrep på nynorsk.

Ny læreplan: – Eit angrep på nynorsk

– Snakk dialekt, skriv nynorsk, er mottoet til Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp).

– I dag har regjeringa kome med framlegg om å fjerne karakter på norsk sidemål. Det er i praksis eit angrep på nynorsk. Etter mållova er det eit krav at folk i offentleg forvaltning skal svare på same målform som i det brevet dei svarer på. Mange offentlege etater held til i bokmålsområde. Fjerning av sidemålskarakteren vil føre til mindre undervisning i sidemål og dårlegare kunnskap om nynorsk for mange. Det er særs uheldig for oss som heiar på mangfald også innanfor språkområdet. Slagordet vårt er: snakk dialekt - skriv nynorsk, seier Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) i ei pressemelding.

Les også: Meiner det vil senke kompetansen i nynorsk

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bra, men ikkje godt nok

– Framlegget bryt med norsk språkpolitikk. Dette fører ikkje til meir likestilling og likeverd mellom dei to skriftspråka, skriv Per Magnus F. Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Dei meiner at lærarplanen vil svekkje kompetansen i både bokmål og nynorsk over tid.

– Nokre av grepa i norskfaget kan vere med å gjere både bokmåls- og nynorskelevar tryggare i sitt eige språk. Det er bra, men det er ikkje godt nok at elevane med denne læreplanen ikkje får høve til å lære seg både bokmål og nynorsk skikkeleg, seier Sandsmark.

– Regjeringa svik nynorskelevane

Norsk målungdom meiner regjeringa har svike nynorskelevane, og at dette vil føre til lågare nynorskkompetanse i samfunnet.

– Det er heilt utruleg at regjeringa først slår fast at eitt av føremåla til den nye språklova og dermed til den norske språkpolitikken, skal vere å styrke det minst brukte skriftspråket, og så følgje det opp med ein læreplan som svekkjer nynorsken. Det er eit svik mot nynorskelevane, seier leiar Gunnhild Skjold.

Skjold er bekymra for at læreplanane ikkje er spesifikke nok når det gjeld vurderingar og karaktersetjing, ettersom det ikkje finst ein konkret plan for kor mange tekstar det skal vere på kvart skriftspråk.

– Vi veit diverre at norske elvar verken får mykje nok eller god nok sidemålsundervisning i dag. No leverer regjeringa ein læreplan som gjer det enklare å nedprioritere sidemålsundervisninga. Det vil føre til lågare nynorskkompetanse i samfunnet, noko som gjer det vanskelegare å vere nynorskbrukar.

Meir leiken læring

Faga blir meir praktiske og utforskande, og det blir meir læring gjennom leik for dei yngste barna i dei nye læreplanane for grunnskulen og vidaregåande skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag la kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) fram dei nye læreplanane som skal takast i bruk frå og med skuleåret 2020.

– Fagfornyinga er den største endringa i skulen sidan innføringa av kunnskapsløftet i 2006, sa Sanner då han la fram dei nye læreplanane.

Den største endringa er at læreplanane blir stramma inn med færre kompetansemål: Frå 129 til 41 i KRLE, frå 103 til 62 i samfunnsfag og frå 161 til 95 i norsk.

– Det betyr ikkje at det blir mindre læring. Snarare tvert imot. Men det skal vere meir tid til å oppnå kvart mål. Elevane skal få meir tid til å lære det viktigaste i faga, seier Sanner.

Statsråden seier til VG at sidemålet blir styrka i læreplanane. –

Alt i andre klasse møter elevene sidemålet. Samtidig har vi fulgt opp råda om å redusere talet karakterar til halvårsvurdering i norskfaget i åttande og niande klasse, seier Sanner tilVG.