Heile 649 deltakarar blei registrerte på årets Fyrålåmi, som Åmdal IL har arrangert i fleire tiår kvar palmesundag.
Heile 649 deltakarar blei registrerte på årets Fyrålåmi, som Åmdal IL har arrangert i fleire tiår kvar palmesundag.

Ny deltakarrekord i Fyrålåmi

Årets deltakarrekord er på 649 registrerte personar.

Åmdal IL har i fleire tiår kvar palmesundag arrangert Fyrålåmi, ei turløype som går frå Fyrå på Skafsåheii til Åmdals Verk. Løypa er om lag tjue kilometer, og har dei seinare åra blitt oppkøyrd med trakkemaskin.

 Årets deltakarrekord er på 649 registrerte personar. Den førre rekorden var frå 2016 og var på 518 registrerte deltakarar.