Solveig Sundbø Abrahamsen kom rett frå New York til møte med Vest-Telemarkrådet. Nå har ho vore med på å landa budsjettforhandlingane, men framleis står forhandlingane om kven som skal gå inn i regjeringa att. Abrahamsen har framleis tru på å få med Venstre og KrF i regjeringa.
Solveig Sundbø Abrahamsen kom rett frå New York til møte med Vest-Telemarkrådet. Nå har ho vore med på å landa budsjettforhandlingane, men framleis står forhandlingane om kven som skal gå inn i regjeringa att. Abrahamsen har framleis tru på å få med Venstre og KrF i regjeringa.

– Noreg har veldig mykje å seie i FN

Ein månad på FNs generalforsamling i New York har gjeve Solveig Sundbø Abrahamsen mykje.

Ho avsluttar ein lang dag på Stortinget med å ta seg gjennom dei mange korridorane på Stortinget med VTB på slep. Høgrepolitikaren kom rett frå New York til intense budsjettog regjeringsforhandlingane med regjeringspartnar Frp og samarbeidspartia KrF og Venstre.

– Ein månad gjekk fort, men det var likevel lenge å vere borte frå Stortinget. Så var det rett inn i harde forhandlingar, det tek litt tid å kome inn i det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trump var samtaletema overalt

Ho smiler og viser VTB veg gjennom ein ny korridor og inn i ein av nasjonalforsamlingas mange heisar. Abrahamsen meiner ho har tatt med seg mykje frå vekene på FNs 72 generalforsamling der alle FNs 193 medlemsland møtes. Kvart land har ei stemme som tel like mykje.

– Det var veldig interessant og eg har lært utruleg mykje om FN og om amerikansk politikk. Me var også ei veke i Washington D.C og fekk kome litt på innsida av amerikansk politikk. Kvar enn du gjekk var presidenten samtaletema.

Abrahamsen flirer i heisen og fortel at det nærmaste ho kom Donald Trump var at han og delegasjonen hans køyrde forbi dei i hovudstaden.

– Dei har jo ein veldig utradisjonell president, for å seie det slik. Me merka godt at amerikanarane er spesielt bekymra for utviklinga i verda. Det kjem jo mykje frå Trump som ikkje akkurat er så gjennomtenkt.

Var i byen under terrorhandlingane

Dei kom ikkje gjennom opphaldet i verdsmetropolen utan dramatikk. Terrorhandlingane på Manhattan der ein mann drap åtte menneske, skjedde medan Abrahamsen og dei fire andre stortingsrepresentantane var der.

– Det er generelt meir uroleg i verda, og det merkar amerikanarane godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor var det også svært viktig å fylgje tryggingsarbeidet i FNs generalforsamling.

– Det viktigaste med opphaldet var nok å sjå korleis ting fungerte. Me såg tryggingsrådet og den norske delegasjonen, og såg kor store me var der borte. Noreg bidreg mykje i tryggingsarbeidet, er ein viktig bidragsytar og blir høyrt på, fortel Abrahamsen på veg ut av heis nummer to.

Det tek tid å kome seg ut av Stortinget.

193 land skal vere einige

Stortingsrepresentantane fekk også innsyn i korleis komiteane i generalforsamlingane jobbar for å vedta nye resolusjonar.

– Me fekk vere med på korleis den norske delegasjonen jobba i kulisanne med ein resolusjon som gjekk på menneskerettar, som dei håpa å få gjennomslag for. Det er så mange land du skal forhalde deg til, og prøve å få med i teksten. Det var veldig interessant og artig å sjå, seier ho og legg til.

– Ein skal få 193 land til å vere einige og gje støtte til ein resolusjon. Ein ser kor verdifullt det er å halde på dialogen ein har i FN, med tanke på tryggleiken og situasjonen me har i verda i dag.

Me har landa i Vandrehallen ved utgangen og er berre ein tryggleikssjekk unna novemberkulda. Det er ikkje berre i USA og FN tryggleiken er viktig.