– Kva var det han hadde i kjeften? spurde speaker Grave då Gunnar Ofte for gjennom lufta. Han prøvde tydelegvis å flørte til seg Damenes pris. Den gjekk imidlertid til Magne Wraa frå Vrådal, som òg fekk ein rosemåla bolle for tre år med dårleg innsats.
– Kva var det han hadde i kjeften? spurde speaker Grave då Gunnar Ofte for gjennom lufta. Han prøvde tydelegvis å flørte til seg Damenes pris. Den gjekk imidlertid til Magne Wraa frå Vrådal, som òg fekk ein rosemåla bolle for tre år med dårleg innsats.

Nitti år med gubbefellesskap

Gubbelaget i Vest-Telemark feirar 90 år i år. Det blei sjølvsagt markera stort i hoppbakken på Hallbjønnsekken. Austheii grendelag stod for arrangementet, og var fornøgde med dagen trass i at dei måtte flytte rennet frå 350 til 800 meter over havet.

Austheii grendelag måtte i år flytte rennet som etter planen skulle finne stad i Sjåheimkollen på Austheii til Hallbjønnsekken på Skafsåheii på grunn av snømangel.

Høgdeforskjellen medførte litt sur vind og ørsmå snøfnugg, men det gjorde lite med den god stemninga i bakken på Hallbjønnsekken laurdag. Bålpanna trekte naturleg nok til seg dei som fraus litt ekstra. Granbaret i unnarennet fekk eit siste påfyll før start.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er litt forseinka, fordi det var så mange som ville melde seg på. Men me er snart klare med opningsseremonien for det som er verdas viktigaste hopprenn i 2017, sa speaker Toralf Grave då starten gjekk litt på overtid.  

Vest-Telemark gubbelag fyller 90 år i år. Hopprennet gjekk for fyrste gong i 1927 i Morgedal, etter at mange morgedølar hadde markert seg i både Husebyrennet og Holmenkollrennet.

– Apotekar Trygve Feilberg snakka med Torjus Hemmestveit og Torjus Loupedalen for å få til eit renn der dei kunne friske opp gamle kunnskapar og vise gamle kunster. Dette har blitt ein veldig fin tradisjon mange der ute i hopp-Noreg misunner oss, sa Grave.  

– Eit skipar bruka av sydpolfararen frå Morgedal, Olav Bjaaland, skal i aksjon i dag, sa speaker Grave. Dei var det vrådølen Magne Wraa som stod på.
– Eit skipar bruka av sydpolfararen frå Morgedal, Olav Bjaaland, skal i aksjon i dag, sa speaker Grave. Dei var det vrådølen Magne Wraa som stod på.
Gubberenn 2017.
Gubberenn 2017.
Gubberenn 2017.
Gubberenn 2017.

– Når det gjeld tilskodarar så slår me nok ikkje rennet i 1930 i Seljord, då blei det nemleg selt billettar til over 500 personar. Det oppnår me ikkje i dag, men me oppnår eit fint renn, smilte han.

 Applaus for Magnus

Vidare underheldt han eit ventande publikum med nokre artige anekdotar frå tidlegare år, før han gjekk over til noko meir aktuelt. Han oppmoda til ein applaus for Magnus Krog, etter å ha summert det som skjedde under lagsprinten i Lahti fredag kveld. Han kytte fælt av høysekken, som han omtalte som ein høfleg og snill idrettsutøvar.   

Nokre minuttar etter klokka eitt laurdag var deltakarlista klar. 37 deltakarar var påmeldte til årets gubberenn. Då var det leiar av Vest-Telemark gubbelag, Jarle Venås, sin tur til å seie nokre få ord.

– Eg ønskjer dykk hjarteleg velkomne til Hallbjønnsekken. Me skulle som de veit vore på Austheii, men på grunn av snømangel gjekk ikkje det. Me flytta difor gubberennet frå 350 meter til 800 meter over havet. Eg vil takke Austheii grendelag for at dei har teke på seg ansvaret for å arrangere her oppe. Som de ser framfor meg her så står det 90 år, og det betyr ikkje at eg er 90 år men at gubbelaget er 90. Det starta i 1927, og sjølv om det ikkje har vore fullt så mange gubberenn har det blitt mange oppover, sa Venås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørn Tore Lassemo i Austheii grendelag ønskte velkomen på vegne av arrangørane.

– Me er litt lei oss for at me ikkje fekk arrangert på Austheii, men i og med at me ikkje fekk snø før i går så blei det litt vanskeleg, sa han, før han erklærte rennet for opna.

– Sevjefull sats

Deltakarane gav verkeleg alt i bakken i år, og nokon satsa særleg på å bli årets vinnar av «Damenes pris», som dei før rennet fekk opplyst skulle bli delt ut av ein hemmeleg jury blant publikum, som bestod av tre kvinner i sin beste alder.

– Kriteria for den utdelinga er høvisk framferd og karisma i og rundt bakken, høveleg antrekk utifrå alder og epoke, og så er det noko viktig: Sevjefull sats. Eg veit ikkje kva de meiner med det, for når eg tenkjer på sevjefull sats så blir eg litt susete i skallen. I tillegg skal du ha eit godt telemarknedslag, sa Venås før start.

Han kom også med følgjande tips:

– Til informasjon for dei som ikkje har vore på gubberenn før så er det tre omgangar. Og så er det som i gamledagar i kombinert, at dei to beste hoppa tel. Så det er greitt å safe inn eitt hopp, legge til litt meir på det andre og så kan du «draga som f*** på det tredje». Beklagar banninga, det er noko eg er fødd med, spøkte Venås.

Helge Kasland frå Seljord, Gjermund Berdalen frå Austheii og Kjetil Flatland frå Hjartdal utgjorde årets dommarpanel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter mange fine hopp, mykje applaus og huving og artige kommentarar frå speaker, var det Gunnar Ofte frå Høydalsmo knattleikrlag som blei beste vesttele med 223,3 poeng totalt etter tre rundar. Han blei slått av Geir Inge Wighus frå Ulefoss skiforening som hadde 233 poeng totalt og Ingolf Innleggen frå Bø som enda opp med 223,4 poeng.

Då siste hoppar hadde landa støtt, tok me ein prat med Venås. Han kom med ei oppmoding til gubbar i alle aldrar.

– Det har vore ein strålande bra dag. Men, når det er sagt, så er me alltid litt bekymra for gubbelaget. Forfallet er større enn tilveksten. Me har gjort nokre tiltak for å auke talet på medlemar, som til dømes å senke aldersgrensa frå 40 til 30. Dei yngre får me masse glede av når dei blei eldre. Men, dei me saknar er desse gode, gamle hopparane. Du ser desse som hoppar heilt ned i bakken, me treng fleire av dei. Me må sjølvsagt ha dei som ikkje hoppar så langt òg, men det er naudsynt for konkurransen at me har dei som kjempar om fyrsteplassen, seier leiaren.

Under styremøtet i helga gav han seg som leiar etter åtte år, og Toralf Grave tok over. Det blei også bestemt at neste års renn skal gå i Kviteseid eller Vrådal.

Resultatliste frå gubberennet 2017:

Gutongklassa, 30–39 år: 1. Tor Edvin Erikstad, Tveiten klubb, 193,8 poeng. 2. Roald Asp, Kortnebbgåsa, 190,8 poeng. Unggubbeklassa, gjest, 40–49 år: 1. Ingolf Innleggen, Bø, 223,4 poeng. 2. Trond Hansen, USF/Narekollen, 173,9 poeng. Rekrutterings- og gutongklasse, 20–39 år: 1. Torbjørn Moen Åmot, Dyre Vaa, 198,5 poeng. 2. Gustav Betten, Huka høpp, 193,5 poeng. 3. Øystein Haugen, Flatdal IL, 185,4 poeng. Unggubbeklasse 40–49 år: 1. Geir Inge Wighus, Ulefoss skiforening, 233,0 poeng. 2. Gunnar Ofte, Høydalsmo knattleikrlag, 223,3 poeng. 3. Olav Jordstøyl, Høydalsmo IL, 209,9 poeng. 4. Kay Kittelsen, Dalen og Vistad skiflygarlag, 209,8 poeng. 5. Arve Øygarden, Litt i lufti, 200,9 poeng. 6. Tor Helge Midtbø, Austheii, 197,3 poeng. 7. Morgan Garmo, Dalen og Vistad skiflygarlag, 193,7 poeng. 8. Arve Lia, Litt i lufti, 173,4 poeng. 9. Hans Tarjei Midtbø, Austheii, 168,3 poeng. 10. Dag Lindestad, Kviteseid, 161,0 poeng. 11. Håvard Velta, Litt i lufti, 155,7 poeng. Viubandklassa, 50–59 år: 1. Trygve Skarperud, Kviteseid, 207,9 poeng. 2. Helge Lauve, Kviteseid, 206,7 poeng. 3. Birger Torsdalen, Kviteseid, 195,4 poeng. 4. Olav Guttormsen, Kviteseid, 181,5 poeng. 5. Einar Landsverk, Kviteseid, 181,2 poeng. 6. Jon Olav Haugetuft, Åmotsdal IL, 106,7 poeng. Tåbandklassa, 60–69 år: 1. Hermann Betten, Eidsborg, 213,9 poeng. 2. Bjarne Lofthus, Høydalsmo IL, 213,0 poeng. 3. Olav Gjersund, Eidsborg, 202,1 poeng. Hudskoklassa, 70–79 år: 1. Jon Brekhus, Hjartdal, 189,1 poeng. Rekrutterings- og gutongklasse, 20–39 år, treski: 1. Sondre Rorgemoen, Øyfjell, 187,6 poeng. 2. Odd Inge Kveven, Austheii, 156,3 poeng. Unggubbeklassa, 40–49 år, treski: 1. Torulf Tråserud, Flatdal, 169,3 poeng.