– Vi må betale skatt etter evne og dei rikaste må ta meir ansvar for fellesgoda, meiner jubilanten Sigmund Halden.
– Vi må betale skatt etter evne og dei rikaste må ta meir ansvar for fellesgoda, meiner jubilanten Sigmund Halden.

Meir variert arbeidsliv

– For at unge vaksne skal kome heim og etablere seg med familiane sine, må Vest-Telemark få eit meir variert arbeidsliv, sa 1. mai-talar i Seljord, Jørund A. Ruud (Ap).

– Arbeidslivet her er for lite attraktivt for unge menneske, så dei utdannar seg vekk frå fylket. Derfor må vi ha ei aktiv næringsutvikling. Og det er det berre sosialdemokratane som driv med i Europa, meinte Ruud, som kasta manus, sidan han var blant sine ti vener i Seljord. 1. mai-feiringa blei arrangert av SV og Ap i fellesskap.

Tredje verda

– 1. mai er ei viktig feiring. Ikkje minst i dei landa der dei ikkje har det så bra som oss, i den tredje verda. Men vi må ta med at det er mykje håp, mykje opprørsvilje, og dei ser mot Nord-Europa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må hugse at Noreg på relativt kort tid har gått frå å vere eit av Europas fattigaste land til å bli eit rikt land. Landa som no slit i Sør-Europa ser mot Noreg og vår samfunnsstruktur når det gjeld utdanning, skule, og ikkje minst barnehage for å auke kvinnedelen i arbeidslivet. Dette gjer dei for å skape tryggleik i befolkninga, sa Ruud.

Ta vare på vatnet

Ruud la vekt på å ta vare på felles ressursar. Ein av dei ressursane er vatn. Mange stader i verda sel folk vasskjeldene sine til folk som ser den økonomiske verdien av dette.

– Pass på vassverka dykkar og ikkje la det bli ei handelsvare. Vatn er viktig både som drikkevatn, det er viktig for det som veks og gror og det er viktig som energikjelde. La oss aldri vike på vatn, sa 1. mai-talaren.

Turistnæringa

Medan turistnæringa veks elles i landet, minkar talet på overnattingsdøgn i Telemark. Ruud understreka også det viktige i å ta vare på det stadeigne, slik Seljord tar vare på sjøormen.

– Sjøormtårnet er ein kjempeidé. Gaustatoppen og korleis den er tatt vare på, er eit anna eksempel på å ta vare på det stadeigne, det som ikkje kan flyttast, men som kan kome bygda tilgode, sa Ruud.

Skuffa jubilant

Utan unntak har Sigmund Halden feira 1. mai i 60 år. – Eg trur dei trur at det vi har no er evigvarande, seier han om medbygdingane sine.

– Eg syns dei kunne spandert eit par timar for å markere og feire noko så viktig som 1. mai, seier jubilanten, der han sit mellom dei ni andre som deltok på SV og Ap si 1. mai-feiring i Seljord.

Halden gjekk i sitt fyrste 1. mai-tog i 1951, og melde seg inn i Arbeidarpartiet i 1957. Nordbygdingen har hatt mange forskjellige jobbar innan anleggsarbeid, mellom anna på Tokkeanlegget, og han har drive skogsarbeid og vegarbeid, i tillegg til småbruket han har budd på heile livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 1. mai betyr så mykje rundt i heile verda, meiner han.

– Det handlar om solidaritet. Dei rikaste må gi meir til fellesskapet, men det er typisk at dei kranglar mest om dei må gi frå seg ei ekstra krone.

Saknar 1. mai-toget

– Den gongen det var 1. mai-tog i Seljord, var det kjempetog. Men det siste toget gjekk i 1999. Etter det har det berre blitt mindre og mindre feiring, seier den skuffa jubilanten, som har opplevd Einar Gerhardsen sju gonger.

– Av politikarane som lever no, er Jonas Gahr Støre den beste. Han likar eg. Han er veltalande, klok og han seier ikkje meir enn han kan stå inne for, meiner Sigmund Halden, som kjem til å halde fram med å feire 1. mai og mane til solidaritet.