Eivind Øygarden er snart klar med sitt andre soloalbum – «Every Eye». Plata handlar om perspektivet ein har på relasjonar og situasjonar. – Det er fare for at det blir litt høgtsvevande, men eg likar når det er poetisk, seier 29-åringen.

Med auge for det poetiske

Eivind Øygarden, eller Ivan Ave som han er betre kjent som, kjem i slutten av neste månad med sitt andre soloalbum. – Det er ei blanding av små og store tankar, forklarer vinbyggjen.

Det er ein tilfreds Eivind Øygarden som slår seg ned ved ein fortauskafé på Alexander Kiellands plass i Oslo ein ettermiddag tidleg i august. Vinbyggjen, som går under artistnamnet Ivan Ave, har akkurat lagt siste hand på det musikalske arbeidet med sitt andre soloalbum.

Artistnamnet, som uttalast «aivan æv» stammar frå tida då Øygarden budde i USA. Amerikanarane sleit med uttala av det relativt erkenorske namnet til ordsmeden, og Eivind blei til Ivan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde eit tullete kallenamn ein gong i tida – Ivan Average. Det var ein intern vits i ein kompisgjeng som eg laga musikk i lag med, så eg gjekk under det. Eg fant ut at det ikkje var særleg berekraftig på sikt, så då korta eg Average ned til Ave. Og så likar eg når ting ser bra ut med tanke på grafisk design og slikt, det er fint det ser litt symmetrisk ut, med to a-er og to v-ar. Det er jåleri på mange måtar, men i og med at det er eit litt sært namn og skil seg ut i hiphop-samanheng er det ein fordel.

«Det hadde vore utruleg morosamt å rigga til ein konsert på Vinjehuset»

Eivind Øygarden

Eg arbeider motsatt av det det dei lærer deg på ungdomsskulen om å skrive stil – eg lagar fyrst tittel, så skriv eg resten av skiva.

Nye arbeidsmetodar

Den nye plata, som har blitt titulert «Every Eye» har fleire karakteristikkar som er nye for den utflytta vinbyggjen. For første gong har han nytta fleire ulike produsentar, frå mellom anna Los Angeles i USA, Montreal i Canada og Oslo. Denne gongen har han heller ikkje bruka det som på fagspråket blir kalla «samples» – altså lyd frå eldre musikk.

– Når ein nyttar berre ein produsent kjem den raude tråden automatisk, medan denne gongen har eg måtta forma den raude tråden litt meir sjølv. Den prosessen har vore veldig utfordrande, men det har vore morosamt også. I og med at me berre har nytta originale komposisjonar, har det betydd at veldig mange musikarar har vore involverte, fortel Eivind.

Mellom anna har det vore fleire jazzmusikarar involverte i produksjonen av plata. På dei to singlane som er utgjevne frå plata – «Young Eye» og «Fast Forward», ber lydbildet preg av jazz, med saktegåande rytmar og sekvensar med mellom anna trompetmusikk.

Motsett av ungdomsskulen

Artikkelen held fram under annonsen.

Tekstmessig handlar «Every Eye», eller kvart auge, som tittelen blir om ein omset den til norsk, om blikk og perspektiv, korleis ein ser på seg sjølv og relasjonar både til dei nære og samfunnet elles.

I «Young Eye», der teksten er skriven til eit barn som endå ikkje er fødd, skildrar Eivind, på sitt stødige engelsk med amerikansk aksent, rørsler i storpolitikken, framveksten av den populistiske høgresida og korleis ulike politiske grupperingar prøvar å påverke unge.

– Tekstuniverset er slik som eg plagar å halde på, ei blanding av små og store tankar. Eg arbeider motsatt av det dei lærer deg på ungdomsskulen om å skrive stil – eg lagar fyrst tittel, så skriv eg resten av skiva. Det førre albumet «Helping Hands», var temaet meir handfaste ting. Det er nok fare for at denne skiva blir litt høgtsvevande, men eg likar når det blir litt poetisk. Eg prøvar å skildre korleis ein les ulike situasjonar, og dei schizofrene tendensane ein kan ha då, kven ein blir i forhold til andre, forklarar 29-åringen.

Konseptet kom ikkje av seg sjølv

Eivind er opptatt av at platene han lagar skal ha eit bestemt konsept, og den nemnde raude tråden skal vere til stades gjennom heile albumet. Det har ført til at prosessen har vore lengre og meir komplisert enn det han er vand med.

– Det er lettare når ein jobbar med ein produsent og brukar «samples» – det er eit konsept i seg sjølv. Denne gongen måtte eg ta ein del skritt fram og tilbake, og forme det etterkvart som eg arbeidde. Det er nok den skiva eg har jobba mest intenst med så langt. Det var ein heilt ny prosess, og ikkje like morosamt kvar dag. Men det er viktig å bevege seg litt utanfor komfortsona for å utvikle seg, seier han.

Han er letta over at han er komen så langt i arbeidet – etter intervjuet skal han høyre gjennom sluttproduktet.

– Det er utruleg godt å vere ferdig, når det er mykje å gjere hatar eg alt eg gjer, og blir skikkeleg lei, for ei vike sidan tenkte eg at dette blei siste plata. Men eg fekk eit skikkeleg kick av å bli ferdig, og det kjem nok fleire skiver, smiler Eivind.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpar å fylle Rockefeller

6. oktober – ei veke etter at plata kjem ut – står Eivind på scena på Rockefeller i Oslo, for å halde sleppkonsert. Då håpar han mange finn vegen til konsertlokalet.

– Eg må no seie eg reknar med tusen publikummarar, og så kan lesaren tolke om eg verkeleg trur så mange kjem. Men ein må håpe på at det blir bortimot stappfullt, smiler han.

Europaturne på trappene

Fram til plata sleppast og konserten på Rocefellerer Eivind travel med å få alt på plass, før han vender blikket utover mot verda.

– Det blir ein del farting, seier han, før han blir avbroten.

Telefonen hans ringer.

– Det er han som designar albumcoveret, eg har prøva å få tak i han i nokon dagar, så eg må nesten ta den, unnskylder han seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eivind avtalar og ringe designaren opp att seinare på kvelden.

– Det er mange lause trådar som må samlast. Ein må som regel jakte litt på dei som er litt bakpå, forklarar han, før han held fram å snakke om planane vidare.

– Eg skal turnere litt i august og september. Etter plata kjem skal eg ut i Europa, fyrst litt i november og desember, og så blir det ein skikkeleg turné på nyåret. Plateselskapet mitt er frå Tyskland, så det blir mykje der, i tillegg til Frankrike, Storbritannia og mindre nasjonar. Markedet for det eg driv med er større ute i Europa enn her heime, fortel han.

Men sjølv om det er ute i verda den største interessa ligg, skal ein ikkje sjå bort ifrå at ein får sjå vinbyggjen spele på heimebane ein gong i framtida.

– Det hadde vore utruleg morosamt å rigga til ein konsert på Vinjehuset, humrar Eivind.