Kjartan Lid stod for det musikalske innslaget på årets 1. mai-markering i Kviteseid.
Kjartan Lid stod for det musikalske innslaget på årets 1. mai-markering i Kviteseid.

Markerte 1. mai med tale og song

Nærare 40 personar samla seg i Kviteseidhallen for å markere arbeidaranes dag, 1.mai. Dei fekk høyre ein engasjert tale frå nestleiar i AUF Telemark, Kristoffer Stenbakk.

– Kjære kameratar. I dag skal me hylle dei som har demonstrert og vunne fram dei rettane me har i dag. I dag feirar me Gro-dagen. Me har like moglegheiter for alle, og Noreg er eit av verdas mest likestilte land. Eigentleg er det rart at ikkje alle er ute og går i tog i dag og feirar dei rettane som arbeidarrørsle har vunne fram, innleia dagens talar, Kristoffer Stenbakk.

Jobb til alle

Stenbakk var innom mange tema som er sentrale for arbeidarrørsla, som kampen mot mellombelse stillingar, jobb til alle og kampen mot barnefattigdom. Han stilte seg også kritisk til den sitjande regjeringa og trekte særleg fram skattekutt til dei rikaste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare snakka han miljøproblematikken og det grøne skiftet i arbeidslivet, EØS-avtala og meinte det ikkje blir satsa nok på yrkesfag.

– Kva hjelper det om me har ingeniørar om me ikkje har handverkarar, spurte han, og la til med ein liten latter at det sjølvsagt er viktig med ingeniørar også, og at han sjølv utdannar seg til å bli ein. Avslutningsvis tok han opp terrorangrepa 22. juli 2011.

– Det var eit angrep på landet vårt, på samfunnet og demokratiet. Kva står me att med om menneske ikkje kan stå opp for det dei trur på? Me skulder ikkje våre kameratar som døydde på Utøya eitt minutts stille, men eit liv i kamp.

Framleis viktig

– 1. mai er framleis ein viktig dag då det framleis er kampar for arbeidaranes rettar som er viktige, og dette er ein viktig dag for å markere det. Nå er det særleg kampen mot mellombelse tilsettingar som er viktig, og for oss i Vest-Telemark er mellom anna frådraget som blei teke frå pendlarane av dagens regjering ein viktig sak, seier Arbeidarpartiordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad.

Ein stad mellom 35 og 40 personar hadde teke turen for å markere dagen, og det var ordføraren godt nøgd med.

– Det er kjempebra. I fjor var me om lag 20, så dette er veldig bra.

I tillegg til tale var det allsong, loddsal, quiz, mat, kaffi og kaker og eit flott musikalsk innslag frå kulturskuleelev Kjartan Lid som song og spela gitar.