Elise Lauvrak og Erik Skjervagen, dei to kumulerte listetoppane i Fyresdal Ap, vil ta sjansar for å få nye arbeidsplassar slik det blei gjort då Moland mekaniske kom på beina i fjor. Der er Knut Lofthus (t.h.) dagleg leiar.
Elise Lauvrak og Erik Skjervagen, dei to kumulerte listetoppane i Fyresdal Ap, vil ta sjansar for å få nye arbeidsplassar slik det blei gjort då Moland mekaniske kom på beina i fjor. Der er Knut Lofthus (t.h.) dagleg leiar. Foto: Geir Ufs

Lovar 40 nye arbeidsplassar innan fire år – vil ta sjansar

Fyresdal Ap er klar til å ta sjansar for å få mange nye arbeidsplassar neste fire åra.

I valprogrammet til Fyresdal Ap er det lovnad om at det skal kome 40 nye arbeidsplassar i kommunen i neste fireårsperiode.

– Me er nøydd til å få så mange nye arbeidsplassar om Fyresdal skal overleve som sjølvstendig kommune, seier Erik Skjervagen, dagens ordførar og listetopp for Ap ved haustens kommuneval.

Den andre og siste kumulerte på Ap-lista er Elise Lauvrak.

– Talet 40 er heilt realistisk, og det er i alle fall eit minimum å tenke. Og eg håper Ap kan bidra med støtte og engasjement for å få nye verksemder i kommunen. Me må satse, seier Lauvrak.

Har tatt sjansar før

Skjervagen skyt inn at etableringa av Moland mekaniske i fjor er eit godt eksempel på kva Ap kan, vil og bør gjere.

– Me er nøydd til å ta nokon sjansar, og det gjorde me ved å kjøpe både det tomme industribygget på Molandsmoen og maskiner og utstyr. Hadde ikkje Ap hatt fleirtal i kommunestyret, hadde ikkje desse kjøpa skjedd, seier Skjervagen.

Han lovar at Ap kjem til å halde fram med å satse slik.

– Me skal ta nye sjansar, det er viktig. Og Ap har tatt slike sjansar mange gonger før. Døme er Telemark kildevann, Telemarkrøye og etablering av næringshagen, seier ordførarkandidaten.

Lauvrak har denne perioden vore med i hovudutvalet for plan og miljø, og er på veg inn i sin fyrste kommunestyreperiode.

– Sjølv om eg ikkje har vore i kommunestyret har eg registrert at Ap har vore viljuge til å satse på arbeidsplassar og meir næringsliv. Det er eg veldig glad for, seier Lauvrak.

Skjervagen legg til at det er kome tilbakemeldingar frå næringslivet om at dei er glade for at det er politisk vilje til å satse på dette området.

Stø etablerte

Fyresdal er inne i sitt andre år av ein seksårsperiode med omstillingsprogram. Inngangsbilletten til programmet kom fordi kommunen mista mange arbeidsplassar og hadde nedgang i innbyggjartalet. Fordelt på seks år gjev staten opptil 14 millionar kroner øyremerka næringslivssatsing i Fyresdal.

– I tillegg spyttar kommunen kvart år inn rundt 600 000 kroner til programmet. Vidare har kommunen ekstra musklar ved å ha eit årleg næringsfond på 1,5 millionar kroner, seier Skjervagen.

Lauvrak påpeikar at det er kjempeviktig å bruke pengane i omstillingsprogrammet på rett måte framover.

– Me må ikkje berre tenke nye arbeidsplassar, men også stø alt etablerte bedrifter, seier Lauvrak.

Skjervagen opplyser at der ein har bruka mest pengar frå omstillingsprogrammet er på eksisterande næringsliv.

– Til nå har omstillingsprogrammet gjeve 24 nye arbeidsplassar, og dei nye bedriftene er etablert av bygdefolk, seier Skjervagen.

Både han og Lauvrak meiner at mange nye arbeidsplassar er hovudsaka til Ap framover, men nemner også to andre viktige område; gode oppvekstvilkår og attraktive bustadtomter.

Meiner satsing vil løne seg

Knut Lofthus er dagleg leiar i Moland mekaniske, og var ein av to tilsette i bedrifta då den starta i mai i fjor. Arbeidsstokken har auka gradvis, talet i dag er åtte og den niande tilsette kjem i oktober. Målet er ei nesten dobling fram i tid for den lokale verksemda.

– I omsetning har me lege litt føre budsjett heile tida. Me har nok arbeid, og ordretilgang og førespurnader har vore betre enn me rekna med, seier Lofthus om Moland mekaniske som produserer veldig mykje for oljeindustrien.

Lofthus synest at politikarane i Fyresdal er flinke til å satse på næringslivet.

– Det at kommunen tør å satse vil ofte løne seg. Det er mellom anna Moland mekaniske eit bevis på. Viss ikkje kommunen hadde kjøpt det tomme bygget med inventar og utstyr, hadde det vore mykje vanskelegare, om ikkje umogleg, å fått til aktivitet igjen der, seier Lofthus.

Dei fleste tilsette i verksemda bur i Fyresdal eller nærområdet. Lofthus og kona valde å selje huset i Skien, bli fyresdølar og kjøpe hus i bygda.

– Me trivst veldig god her, avsluttar Lofthus.

geir.ufs@vtb.no