VTBs journalistar Line Omland Eilevstjønn og Magnus Helle testa korleis det er å køyre med promille – under kontrollerte former og med promillebriller.
VTBs journalistar Line Omland Eilevstjønn og Magnus Helle testa korleis det er å køyre med promille – under kontrollerte former og med promillebriller.

Korleis er det eigentleg å køyre bil med promille?

Førre fredag testa to av bladfykane promillebriller.

For dei av oss som aldri har sett oss bak rattet i ruspåverka tilstand, er det ikkje så lett å førestille seg korleis det er å skulle ta seg ein køyretur heim frå fest. For å få eit bilde av situasjonen, bestemte eg og Magnus oss for at me skulle teste.

NAF på Geiteryggen hadde lova oss at me skulle få prøve å køyre VTB-bilen på glattkøyringsbanen deira med promillebriller på. Dei var berre glade for at me ville sette fokus på dette, sa dei. Me fekk med oss dei tre brillene dei hadde, alle med ulike promilleverdiar. Eitt par tilsvara 0,6 i promille. Det neste 0,7–1. Verstingen var på 1,7–2.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit ikkje kva eg skal vente meg, eg har så lite erfaring med dette, seier Magnus.

– Det er jo på ein måte bra, då. Det hadde vore trist viss du sa «gjev meg brillene. Eg tek det», seier eg.

Me tullar ein del. Kanskje for å få det litt på avstand. Det er så fjernt for oss å skulle sette andre sine liv i fare på den måten. Me er nervøse, sjølv om me skal teste dette innanfor heilt trygge rammer – utan andre bilar på vegen og i veldig låg fart. Me ler av at me ser dumme ut med brillene på. Halve andleta våre flyttar seg fem centimeter mot venstre.

Reaksjonstid og konsentrasjon

Promillekøyring er eit tungt og alvorleg tema. Det er ulovleg. Det øydelegg liv. Det kan ha heilt forferdelege og fatale konsekvensar. Når ein er ung er det ikkje alltid så lett å forstå det. Ein kan tenke «eg skal jo berre ende heim» eller «eg er jo ein god sjåfør». Men, reaksjonstid og konsentrasjon forsvinn i takt med at promillen din stig.

For to år sidan skreiv forskning.no ein artikkel om konsekvensane av promillekøyring. Der står det at reaksjonstida blir markant dårlegare når promillen ligg på rundt 0,8. Etter kvart som ho stig mot 1, blir me også mindre og mindre forsiktige, heiter det i forskinga. Dei viser til ein amerikansk studie, ikkje heilt ulik vår: «Ein amerikansk studie viste for nokre år sidan at me blir mindre forsiktige. Forskarane bad amerikanske drosjesjåførar om å køyre gjennom kjegler på ein testbane, medan avstanden mellom kjeglene blei mindre og mindre. Samstundes drakk nokre av sjåførane alkohol, medan andre ikkje gjorde det. (…) Då promillen passerte 1-tallet, blei sjåførane overmodige og tok større sjansar. Det resulterte i nokre flate kjegler.»

Alt har flytta seg

Me bestemmer oss for å teste å gå på ei rak line med brillene før me set oss bak rattet. Det viser seg å vera vanskeleg nok.

0,6 er ubehageleg, og ein blir svimmel og kvalm. Det er vanskeleg å fokusere. Lina forsvinn litt.

Når me beveger oss opp mot 2 i promille, derimot, så er det beint umogleg å sjå rett fram og gå beint på streken. Alt har flytta seg, og det ein trur stemmer viser seg å vera heilt feil. Me får ein vekkjar. Ingen av oss visste at det skulle vera så vanskeleg berre med brillene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Magnus er fyrstemann ut. Han tek ein testrunde blant kjeglene på banen utan briller. Det går fint. Han køyrer ikkje fort, det er korkje vits i eller lurt.

0,6. – Rattet er nærmare no enn det var istad. Eg har ikkje flytta på rattet, seier han.

Han køyrer mellom 5 og 15 kilometer i timen. Det kjennest fortare, seier han. Han kjem seg gjennom banen, men har ikkje heilt svar på korleis.

– Eg køyrer i fem kilometer i timen, og eg har null kontroll. Eg trur eg må kaste opp etterpå, seier han.

0,7–1. Svimmelheita aukar. Han køyrer litt fortare no, og fortel at han synest det er veldig vanskeleg å konsentrere seg. Han nærmar seg 30 kilometer i timen.

Lat oss seie det slik: Hadde ein person kome springande inn frå sida av banen, så hadde det tatt for lang tid før Magnus hadde registrert det. Fokuset på å unngå kjeglene tek opp all konsentrasjonsevne han har att. 

1,7–2. Det seier seg vel sjølv at det ikkje blir betre etter kvart som verdiane stig. Magnus ser igrunn full ut der han sit. Han prøvar å auke farten. Det resulterer i brå svingar og lite kontroll. Det er ubehageleg å vera passasjer. Eg blir slengt att og fram i setet.

– Eg er så dårleg no. Dette er ikkje bra, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han sniglar seg i mål. Gler seg til det er over.

«Her har me klaringa du snakkar om»

Opplevinga mi var ikkje mykje annleis. 0,6 i promille i 14 kilometer i timen var nok til å gjera meg dårleg. Kombinasjonen av fulle auge og eit edru hovud gjorde nok til at eg ikkje kjente på det motet ein drikk seg til. Heldigvis.

På 0,7–1 fekk eg utruleg vondt i hovudet. Det er ubehageleg, og eg vil helst slutte. Ikkje klarar eg å kome meg opp i høg nok fart til å verkeleg teste det heller.

– Du må ikkje vera redd for å køyre ned kjeglene, seier Magnus.

– Nei, du har rett. Det er nok der det ligg, seier eg.

Kjeglene er ikkje folk eller dyr. Men det kjennest framleis ulovleg å køyre på dei.

Eg tek på meg 1,7-2-brillene og bestemmer meg for å auke farten. 15 kilometer. 20 kilometer. 30 kilometer. Til slutt er eg usikker på kor fort det går, det er umogleg å følge med på speedometeret (og girspaken har flytta seg ein meter). Eg held fram med å auke og held det eg sjølv føler er jamn fart. No startar eg på kjeglene. Den fyrste går fint. Den andre òg. Så raknar det. Resten av kjeglene blir flate, éi etter éi. Magnus står sidelina.

– Nei, nei, nei. Dette er jo nesten strike, det, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjekk ikkje bra. Og det verste var at eg følte eg hadde litt klaring, seier eg.

– Her har me klaringa du snakkar om, seier Magnus og peikar på dei velta kjeglene.

Eg følte verkeleg det. At eg hadde klaring. Det gjekk for fort til at eg såg klart, og då hovudet mitt sa at eg måtte svinge, så lurte augo mine meg til å tru at eg gjorde det.

– No køyrte eg i 30 kilometer i timen, og eg følte at eg leika med livet, seier eg.

Me prøvar å debriefe det me har testa. Sjølv om ein ikkje får den komplette opplevinga av korleis det er å køyre i ruspåverka tilstand, så er det ein forsmak. Og ein som har gitt oss avsmak på å skulle teste det i det verkelege liv.

– Det er vel her essensen ligg. Dess fortare ein køyrer, dess vanskelegare blir det å orientere seg, seier eg.

– Eg ville ikkje ha sete på med deg når du køyrer slik. Og ikkje når du er så skeiv i blikket heller, seier Magnus.

– Det burde ingen ha lyst til, seier eg.