Katarina Flatland vil gjerne til Vest-Telemark i neste sesong av «Jakten på kjærligheten». Nå oppmodar ho vener og familie til å melde på single bønder dei kjenner, på nettsidene til TV 2.
Katarina Flatland vil gjerne til Vest-Telemark i neste sesong av «Jakten på kjærligheten». Nå oppmodar ho vener og familie til å melde på single bønder dei kjenner, på nettsidene til TV 2.

Katarina vil møte single bønder frå Vest-Telemark

Med far frå Flatdal og mor frå Notodden er det ingen tvil om kvar Katarina Flatland helst vil jakte på kjærleiken for nye single bønder.

– Det må jo vere ein del single bønder i Vest-Telemark? Eg skjønar ikkje kva dei kvir seg for.

Programleiaren flirer godt. Ho forstår jo eigentleg godt at det er eit stort steg å melde seg på eit datingprogram på TV. Det er eigentleg få av bøndene du har sett jakte på kjærleiken kvar veke, kvar einaste haust sidan 2004, som har meldt seg på sjølv. Ofte er det vener og familie, andre gonger er det produksjonsselskapet bak programmet som leitar opp bøndene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fann kona på ein scene på Dyrsku’n

Katarina Flatland har spesielt ei god historie.

– Eg hugsar dei sleit med å finne friarar til ein bonde. Då drog dei til Dyrsku’n, tok med bonden opp på scenen og fortalde at denne mannen treng friarar. Dei fekk nokre damer opp på scenen, og ei av dei damene, er han gift med i dag, ler Flatland.

Sjølv ventar ho framleis på å få vere Kirsten Giftekniv i barndomens leikegrind i Flatdal og på Notodden.

– Det hadde vore veldig spesielt for meg med to foreldre frå Telemark. Me var mykje i Flatdal då eg var liten, eg trur det var den største kontrasten eg kunne få til oppveksten i Oslo.

– Gutane som sjekka oss opp og køyrde forbi oss på traktorar. Fordommane blei bekrefta, men på ein positiv måte, ler programleiaren som har hatt gått i far Hallvard sine fotspor.

Startar filminga i februar

28-åringen sit i kjellaren i ein stor villa rett bak Slottsparken i Oslo. Det store huset midt i Oslos ambassadestrøk husar produksjonsselskapet Fremantlemedia, som produserer «Jakten på kjærligheten» for TV 2. Sjølv om du ser dei siste episodane av årets sesong i desse dagar, er dei her fullt i gang med planlegginga av neste sesong. Nå handlar alt om å finne dei åtte utvalde bøndene, før filminga av presentasjonen av desse startar i februar. I vår blir desse sendt på fjernsyn.

– Eg vil seie det er eit trongt nålauge å bli med. Du må vere heilt klar for å tora finne kjærleiken. Tora å flørte, snakke om kjensler og tora å opne deg, seier Flatland.

– Du kjenner vel til at vesttelar kan bli oppfatta litt trauste?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ha ha, ja, men eg trur det bur mykje i dei. Me vil ikkje skremme folk heller. Dei treng ikkje å vere ferdig opna når dei kjem til oss. Me vil vere med på den reisa og vil jo veldig gjerne at dei skal finne kjærleiken. Eg har innmari lyst til å møte single bønder frå Vest-Telemark, smiler Flatland.

Reglane for kven som kan melde seg på har også blitt rausare med åra.

– Me vil ha alle aldersgrupper og alt frå småbruk til store gardar. Odelsgutar og jenter kan også søkje, ein treng ikkje å ha tatt over garden for å vere med. Det viktigaste for oss er å få bønder som har tenkt å ta over og treng nokon å gjere det med.

To par i sesongen og eitt barn

Sjølv kjenner ho på eit visst prestasjonspress i jobben som programleiar for datingprogrammet. Målet er ikkje berre å lage fjernsynsunderhaldning.

– Me blir jo lei oss viss bøndene ikkje blir saman med friaren dei vel ut. Sjølv om me ikkje kan ta det heilt på vår kappe alltid, det er ikkje så lett å styre det. Heldigvis har eg fått to par frå kvar sesong til nå.

– Kva har vore høgdepunktet ditt i karriereen som programleiar?

– Det trur eg må vere då eg fekk vite i sommar at dei som blei saman frå sesongen i fjor skulle ha barn. Det var eit stort høgdepunkt, og gjekk veldig fort. Me rakk vel knapt å skru av kamera før ho blei gravid, seier ho og ler.

Håpet er at det blir fleire slike store høgdepunkt. Gjerne frå Telemark. Og sjølvsagt frå årets sesong som har tre episodar att. Katarina som sjølv skal gifte seg neste sommar, lovar både kjærleik og dramatikk sjølv om bøndene har gjort sitt siste val.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kan avsløre at det blir kjærleik på slutten, men også nedturar og dramatikk, seier programleiaren med eit lurt smil.