(
(

– Kan ikkje friskmelde vidda

Sjølv om ingen prøver har vore positive, kan ein ikkje seie at det ikkje finst skrantesjuke på Hardangervidda, seier veterinærinstituttet.

Les også: – Har gått med hjarta i halsen i heile haust

For kvart dyr som blir felt må jegerane ta ei hjerneprøve. Prøva skal jegerane sende inn til veterinærinstituttet så fort som mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me får dei inn tidleg om morgon. Der blir dei rulla inn i systemet, sendt inn til laboratoriet og same ettermiddag skal me ha svar på om prøva er positiv eller negativ, fortel forskar og koordinator for skrantesjuke ved veterinærinstituttet, Jørn Våge.

Han fortel at instituttet ikkje har noko forventning om å få positive prøver frå Hardangervidda, men at ein likevel ikkje kan garantere at det ikkje finst villrein med skrantesjuke i fjellområdet.

– Det har blitt analysert mellom 800–900 prøver frå årets jakt. Prøvetalet denne sesongen vil ikkje kunne seie noko sikkert om førekomsten. Til det må me ha mange fleire prøver. Det er eit viktig bidrag på vegen, men det er ikkje nok til å kunne friskemelde Hardangervidda for CWD, seier Våge.

Lars Inge Enerstvedt i Statens naturoppsyn står for servicen til jegerane den siste jaktveka. Til han kan dei ringe med alle slags spørsmål, frå kvar reinen står til kva ein skal gjere når ein har tatt prøve av reinen.
Lars Inge Enerstvedt i Statens naturoppsyn står for servicen til jegerane den siste jaktveka. Til han kan dei ringe med alle slags spørsmål, frå kvar reinen står til kva ein skal gjere når ein har tatt prøve av reinen.

Han seier dei ikkje har lagt ein klar strategi om det skulle bli påvist ei positiv prøve frå Hardangervidda.

– Det er ikkje avklart kva som vil skje. Då må ein ta det opp til vurdering og setje oss ned for å sjå korleis ein skal angripe det. Det er ingen tvil om at det ville vore svært dramatisk.

Svarar jegerane

På Skinnarbu sit sentralen der alle jegerar kan ringe med spørsmål om alt i reinjakta. Då VTB var innom Staten naturoppsyn som deler kontor med villreinsenteret, var Lars Inge Enerstvedt på vakt på ein roleg dag.

– Det går veldig opp og ned og er veldig vêravhengig. Inn mot helgene er det mange som skal ut og lurar på kor reinen står. På gode dagar er det mellom 40 og 50 personar som tek kontakt, fortel Enerstvedt.

Gjennom informasjonen kontoret får frå jegerar, oppsynsmenn i felten og andre om kor reinen står, oppdaterer dei kvar kveld Numedalsnetts reinmelding. Der kan alle inn og sjekke kor reinsdyrflokkane på Hardangervidda står.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enerstvedt merkar også at mange er opptekne og bekymra for skrantesjuka.

– Mange spør om CWD. Det er spørsmål rundt det praktiske som prøvetaking og korleis dei skal sende prøvene. Alle er uroa, men også letta nå som ein ikkje har hatt positive prøver.

Sjølv om jakta ikkje har vore særleg god på desse kantar, blir han glad for å høyre at det er elles mykje liv på Hardangervidda.

– Det er fantastisk mykje liv på fjellet i år. Det er eit rikt år. Mykje rype og ein god sesong for småviltjegerane, seier Enerstvedt.