Denne ulven blei fanga av viltkameraet til Ole Roer i fjor. No er ulven nok ein gong på vandring i Vest-Telemark. (Arkivfoto)
Denne ulven blei fanga av viltkameraet til Ole Roer i fjor. No er ulven nok ein gong på vandring i Vest-Telemark. (Arkivfoto)

Jaktar på ulv etter lammetap på innmark

Etter at ulven tok fire lam og kveste to til i Vinje, blei det interkommunale jaktlaget i Vest-Telemark kalla ut til sitt fyrste oppdrag laurdag etter at Fylkesmannen gav fellingsløyve.

Fellingsløyvet på ulv kom etter at fire lam blei tekne av ulv på innmark i Drivarbekkdalen laurdag, midt i bygda. Eitt lam blei også skadd etter angrepet.

Rovviltkontakt i Vinje, Sveinung Olsnes, kunne konstatere at det var ulv som hadde gått laus på sauene i løpet av natta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omtrent ei mil lengre nordover, ovanfor Lognvik, blei nok eit lam funne med skadar. Sauebonde Olav Fjalestad frå Kviteseid var opp på sommarbeite tmed den siste lasta med sauer då hunden henta inn ein flokk til han.

– Eg såg at eitt av lamma heldt seg bak i flokken heile tida. Lammet var vått i halsen og vrei ikkje på hovudet. Då eg såg nærare etter var det bite hol i matrøret. Eg var overtydd om at det var gaupe, fortel Fjalestad.

Men obduksjonen viste at det var ulv som hadde angripe lammet.

Fjalestad har kring 180 sau og lam på beite i området, og måndag var han på veg opp att for å sjå etter flokken. Sauebonden er redd for at det ikkje er bare snakk om eitt lam denne gongen, men det er vanskeleg å finne døde eller skada dyr på fjellet.

– Det er betre å leite etter ei nål i ein høystakk, då kan ein bruke magnet, seier Fjalestad.

Fellingsløyve i praksis

Fylkesmannen fekk laurdag klokka 17.20 søknaden om skadefellingsløyve på ulv frå Telemark sau og geit, og klokka 17.51 var løyvet godkjend for kommunane Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje informerer seniorrådgjevar ved miljøavdelinga, Odd Frydenlund Steen.

Skadefellingsløyve for rovvilt i regionen går no rett til det interkommunale jaktlaget, med skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan som leiar.

­– Alle slike løyve vil gå til dette laget framover. Me er veldig nøgde med at eit slikt jaktlag er etablert i regionen, seier Steen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han peikar på at det er i Vest-Telemark det skjer mest når det gjeld konfliktar mellom rovdyr og beitedyr, og då er det naudsynt med ein rask og effektiv reaksjon dersom det skal ha noko mon. Det inkluderer Fylkesmannen òg.

– Me prøvar å svare så fort me kan av omsyn til sjansen til å ta ut rovdyret, seier Steen.

Fyrste gong 

Det er fyrste gong at det interkommunale jaktlaget blir bruka på rovdyrjakt i Vest-Telemark. Natt til sundag var seks jegerar på post.

– Dette var jo eit angrep på innmark, men me var usikre på tidspunktet. Seks jegerar posta i området på laurdagskveld og natta, men utan å sjå noko, fortel skogbrukssjef i Fyresdal og jaktlagsleiar Aslak Momrak-Haugan.

Fellingslaget i Vest-Telemark har med fem jegerar frå kvar kommune, (med unnatak av Seljord som ikkje er med på ordninga) totalt 25 jegerar. Framover no er det derimot lite å gjera. Ulvejakt på barmark er ikkje enkelt.

– Litt brutalt sagt så ventar me på neste angrep. Det fyrste tilfellet er ein gjerne for seint ute, men når ein er førebudd kjem ein raskare ut, seier Momrak-Haugan.

­Tidlegare har ulvar hatt ein tendens til å vandre langt Vestheiane i Fyresdal og nedover mot Agder-fylka. Om gråbeinen gjer det same no vil tida vise.

– Ulven hadde ete opp mest eitt heilt lam, og med så mykje mat i magen kan han bevege seg over store avstandar, ser jaktleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sett i Kviteseid

Rovviltansvarleg for Statens naturoppsyn (SNO), Espen Marker, har ikkje fått melding om nokre observasjonar av ulv i etterkant av hendingane i Vinje denne helga.

– Me har fått eitt par meldingar om observasjon av ulv i forkant. Den mest truverdige er ein observasjon i Tveitgrenda i Kviteseid eitt par dagar tidlegare, fortel Marker.

Skadefellingsløyvet på ulv varar i 14 dagar frå laurdag. Dersom ein i slutten av perioden kjem over nye skader gjort av ulv kan løyvet bli automatisk forlenga. Om løyvet går ut må ein søke på nytt.