Snart er det antakeleg slutt på å stille klokka mellom sommar- og normaltid.
Snart er det antakeleg slutt på å stille klokka mellom sommar- og normaltid.

I natt kan bli siste gong me stiller klokka

Sundag 28. oktober skal me stille klokka ein time tilbake, noko me må halde fram med til EU bestemmer om det skal bli slutt på sommartid og klokkestilling. «Tidsminister» Torbjørn Røe Isaksen vil ha nettavstemming om saka.

EU-kommisjonen har kome med framlegg om å gå vekk frå sommartidsordninga. Dersom forslaget blir vedteke er det opp til kvart eit landå bestemme kva tidssone dei skal ha.

I Noreg er det næringsminister Torbjørn Røe Isaksen som har ansvaret for at Justervesenet og Noreg tar stilling til tidsordninga for framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også:Snart kan det bli slutt på å stille klokka

– Det blir spennande å sjå kva EU landar på. No må me òg vurdere det, då dette vil påverke oss uansett. Noreg er avhengig av handel med andre EU-land, og det er generelt ein fordel for næringslivet at me har same tid som nabolanda våre, seier Isaksen i ei pressemelding frå Justervesenet.

Vil at folket skal stemme

No seier «tidsministeren» at det kan bli aktuelt med ei nettavstemming for det norske folk, der dei tek stilling til om dei vil ha berre normaltid i framtida. 

– Me har sett til andre land som har hatt nettavstemmingar og innbyggarundersøkingar. Å gjera noko slikt utan å bruke for mykje pengar på det trur eg kan vera ein god idé, sa han til NRK. 

Viss endringa av ordninga går gjennom, vil lova frå 1996 – der Noreg og alle EU-landa blei einige om at sommartida startar siste sundag i mars og sluttar siste sundag i oktober – forsvinne heilt. Det nye forslaget seier at EU-landa skal slutte å stille klokka alt i 2019, men inntil vidare gjer me som Justervesenet har bestemt, og får ein ekstra time inn i natt til sundag.

Justervesenet er eit direktorat for måleteknikk lagt under Nærings- og fiskeridepartementet. Dei har ansvar for at Noreg har ein måleteknisk infrastruktur som har både nasjonal og internasjonal tillit.