Valdirektoratet vil støtte kreative idear til korleis ein kan auke valdeltakinga ved kommunestyre- og fylkestingsvalet neste haust.
Valdirektoratet vil støtte kreative idear til korleis ein kan auke valdeltakinga ved kommunestyre- og fylkestingsvalet neste haust.

Har du ein god idé til korleis ein kan få fleire til å stemme ved valet 2019?

No er det mogleg å søkje om tilskot til å gjennomføre informasjonstiltak for å auke veljarane sin kunnskap om val og/eller auke valdeltakinga, skriv Valdirektoratet i ei pressemelding.

Før kommunestyre- og fylkestingsvalet neste haust ønskjer Valdirektoratet å engasjere folk i å få fleire til å setje seg inn i valet og bruke stemmeretten sin. 

Difor lyser dei ut tilskotsmidlar til informasjonstiltak i samband med valet 2019. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet med tilskotet er å auke dei med stemmerett sin kunnskap om politikken og å få fleire til å stemme. Tilskotet kan dekke utgifter knytt til til dømes konferansar og liknande arrangement, kampanjar, nettsider, produksjon og distribusjon av trykksaker og liknande, skriv Valdirektoratet i pressemeldinga. 

– Tiltak retta mot unge veljarar, veljarar med innvandrarbakgrunn og veljarar med behov for særskilt tilrettelagt informasjon blir prioritert, skriv Valdirektoratet vidare. 

Dei som kan søke om tilskotsmidlane er organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i einingsregisteret/friviljugregisteret. Det er eit krav om at tiltaket ein søker om tilskot til skal vera partipolitisk nøytralt, noko som utelukkar enkeltpersonar, kommunar, fylkeskommunar og politiske parti. 

– Regjeringa har føreslege å bevilge 5,2 millionar til formålet i statsbudsjettet, og Valdirektoratet tek atterhald om at Stortinget vedtek bevilgninga før tilskotet kan utbetalast, legg Valdirektoratet til. 

Søknadsfristen er 15. november.