Gullbjørg Ekre frå Manndal i Seljord.
Gullbjørg Ekre frå Manndal i Seljord.

Gullbjørg på veg til VM

I ein presentasjon av utøvarane på yrkeslandslaget fortel ho om stor interesse for bilar, og spesielt fargar og utsjånaden på ein bil.

– Eg har visst kva eg ville drive med sidan 9. klasse. Då sprøyta mamma kjøkenet heime, og det synest eg såg veldig morosamt ut. Eg er òg veldig bilinteressert, så då var lakkering ein god måte å få kombinert dei to interessene på, uttala ho til VTB i fjor sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho karakteriserer det som eit aktivt, lærerikt og gjevande yrke som ein aldri blir utlærd i.

– Ein får stor meistringskjensle når ein har klart å få eit flott resultat og kundane har kommentert kor fornøgde dei er med jobben, seier ho i presentasjonen av VM-utøvarane.

Ho trur deltakinga i VM kan vera positivt for bedrifta ho jobbar i, og håpar også det kan påverke andre jenter til å velje denne yrkesvegen.

Yrkes-VM blir arrangert annan kvart år. Dette er verdas tredje største arrangement, etter OL og fotball-VM. 1400 deltakarar frå 76 nasjonar er med. Frå Noreg stiller 20 deltakarar i 18 fag.

– Eg skal gjera så godt eg kan og håpar å bli ein av dei beste, svarar ho på spørsmål om forventningane til meisterskapen.