Golf

Golf blir spela på ein golfbane, eit grasdekka område med 6, 9 eller 18 hol. Spelets grunnleggjande idé er ganske enkel. Ein ball blir spela frå ein fastsett utslagsstad til eit fastsett hol i bakken på færrast mogleg slag. Undervegs møter spelaren diverse utfordringar som tjukt gras, buskar, tre og kratt, vasshinder og sandbunkarar. I tillegg er vêr og vind ein medverkande faktor.

Ord og uttrykk

Artikkelen held fram under annonsen.

Birdie: Resultat med eitt slag mindre enn par på eit hol.

Bogey: Resultat med eitt slag meir enn par på eit hol.

Drivingrange: Treningsfelt.

Eagle: Resultat med to slag mindre enn par på eit hol.

Handicap: Målestokk for ein spelars speledugleik. Gjev uttrykk for kor mange fleire slag enn banens par spelaren vil bruke til vanleg.

Hol a) Hol på greenen (108 mm i diameter) som ballen speles til. b) Del av banen kor ein speler frå eit utslagssted til tilhøyrande puttinggreen.

Hole-in-one (HIO): Eit golfhol spela på eitt slag.

Hola ut: Ein ball er hola ut når den ligg i ro under holkantens nivå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Par: Mengda slag ein spelar med spelehandicap 0 bør bruke på eit hol rekna ut etter lengda på holet.

Puttinggreen: Spesielt kortklipt område som er preparert for putting, og der holet er plassert.

Kjelde: Norges Golfforbund, golfforbundet.no