Gamle Haukeli kraftverk

Opna i 1956, rive i august 2013. Kraftverket var stort sett bygd av gamle komponentar. Den eine generatoren og turbinen kom frå Sunndalsøra der den hadde stått i Litjdalen kraftverk under bygginga av Auraverkene.

Eldre folk i området som har opplevd bygginga av Haukeli kraftverk og oppstarten av Tokkeanlegga er heilt klare på at det går eit tidsskilje før og etter anlegga. Det blei aktivitet i heile dalføret og NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) var flinke til å tilsetje lokal arbeidskraft. Stasjonsbygget til Haukeli kraftverk blei bygd av ein lokal entreprenør, og tomta blei graven ut med bulldoser. Heile jobben blei utført for 27 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjelde og foto: Statkraft.no