Høyselet på Flatdalsøyane blir rusta opp og skal vera ein del av opplevingsvegen om Nutheim.
Høyselet på Flatdalsøyane blir rusta opp og skal vera ein del av opplevingsvegen om Nutheim. Foto: Anne Sofie Tresland

Får 100 000 kroner til å pusse opp eit gamalt høysel på Flatdalsøyane

Flatdal bygdeutviklingslag har fått 100 000 kroner til å setje i stand eit gamalt høysel som skal bli ein samlingspass for folk i bygda og turistar.

Det er stiftinga UNI som i styremøtet i midten av oktober løyvde pengar til prosjektet i Flatdal. Ifylgje Bjønn Raftevold Rue i bygdeutviklingslaget blir selet ein del av opplevingsvegen om Nutheim, og skal fungere som ei dagsturhytte.

– Etter opprustinga kan selet nyttast av bygdefolk og turistar, seier han.

I prosjektet er det totalt tre hus som blir rusta opp: Skulehuset i Svartdal, Holmsbui i Hjartdal og høyselet på Øyan i Flatdal.

Høysela på Øyane ned mot Flatsjå i Flatdal er karakteristiske og har opp gjennom historia vore ein viktig del av kulturlandskapet i bygda. På grunn av omleggingar i landbruket har dei i seinare tid mista funksjonen sin, og derfor i fare for å forsvinne for godt, melder UNI om bakgrunnen for å innvilge søknaden om støtte.

Les også:Historia om høysela i Flatdal: Brukshusa som blei til overs

– Ved å setje i stand eitt av desse bygga og gje det nytt bruk, vil ein sikre seg mot denne utviklinga, og ein kan ta vare på historia i ny form, melder UNI.

Det er Høye Rue som eig selet, men Flatdal bygdeutviklingslag har inngått ei 30 års leigeavtale for at selet skal bli rusta opp til bruk for ålmenta.

Stiftinga UNI har i 2019 løyvd om lag 31 millionar kroner til 189 ulike prosjekt som «vernar menneske og fortidsminne».