Ein elg var uheldig og gjekk gjennom isen på Vråvatn. Den vart avliva av viltkorpset.
Ein elg var uheldig og gjekk gjennom isen på Vråvatn. Den vart avliva av viltkorpset.

Elg gjekk gjennom isen

På sundagsmorgon fekk politiet melding om at ein elg hadde gått gjennom isen på Vråvatn.

Då VTB kom til staden var elgen alt sliten og nedkjølt, og heldt seg i ro. Ellen Steinstad og Kristian Thorvaldsen ved Vinje lensmannskontor fortalde at dei hadde gått ned til isen og hakka eit hol for å sjå kor tjukk den er. Då hadde elgen gått nokre meter, men det er mykje overvatn og vanskeleg for den å kome seg til land.

Ifølgje politiet var det øvste islaget om lag 5 centimeter tjukt, og det ville ikkje vore forsvarleg å ta seg ut til dyret. Politiet venta på viltkorpset, for deira avgjerd om kva ein skulle gjera med dyret.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Einar Heggtveit og Halvor Bjåland frå viltkorpset kom slo dei fast at det ikkje var mogleg å redde elgen, og at det beste var å avlive den så den slapp å lide lenger.

– Me må fyrst og fremst tenke på kva som er det beste for dyret, og den kjem ikkje til å klare seg om den kjem opp heller. Den er sliten og kraftig nedkjølt, seier Bjåland.

Elgen såg ut til å vera ein kalv, eller eit ungdyr, og den vart avliva.