Som 50-åringar tok dei steget og flytte frå Nittedal til Rauland. Claus Larsen blei plutseleg barnefar til 30 lam og fortel det var ein stor overgang frå jobb i byen. – Det var to forskjellige verder, men eg har aldri angra.
Som 50-åringar tok dei steget og flytte frå Nittedal til Rauland. Claus Larsen blei plutseleg barnefar til 30 lam og fortel det var ein stor overgang frå jobb i byen. – Det var to forskjellige verder, men eg har aldri angra.

– Ein rettar seg inn i ein levestandard som er heilt forkasteleg

Sigrid Fonnlid blei sauebonde som 50-åring og nyleg æresmedlem av småbrukarlaget. No er tida som bonde over og 78-åringen er bekymra for framtida. Ikkje berre for landbruket, men for korleis samfunnet utviklar seg.

I Lognvikbygda i Rauland har den fyrste snøen lagt seg. Det er ettermiddag, men sola finn framleis vegen over fjelltoppane til garden Breimo. Sigrid Fonnlid sit inne i det brune huset ho kom til som 10-åring. Framfor ho på stovebordet har ho eit ark, tettskriven av notatar. Sjølv om ho har gjeve seg i lokalpolitikken og som sauebonde, er dette ei dame full av engasjement.

– Det er det eg synest er skummelt i dagens samfunn. Grunnleggande ressursar er vanskjøtta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho avsluttar eit langt resonnement om kva ho tenkjer om utviklinga for den oppveksande generasjonen. 78-åringen er uroa og meiner ho er det med rette.

Tok over i 1994

Breimo er eit bureisingsbruk. Eit gardsbruk foreldra til Sigrid bygde opp frå grunn av. Familien på fem flytte hit frå Sud-Fonnlid som faren dreiv saman med syskena sine til joli 1950. Då ville familien satse for seg sjølv.

– Eg hugsar godt då me kom på skulen etter nyttår i 1951. Me fortalde at me hadde fått ein ny heim. Det var stort, smiler Sigrid.

Sigrid Fonnlid er pensjonert lærar og sauebonde, men er framleis aktiv på garden Breimo. Ho brukar mykje tid i kjøkenhagen og prøvar stadig nye ting for å eksperimentere. Svartkål er det seinaste påfunnet.
Sigrid Fonnlid er pensjonert lærar og sauebonde, men er framleis aktiv på garden Breimo. Ho brukar mykje tid i kjøkenhagen og prøvar stadig nye ting for å eksperimentere. Svartkål er det seinaste påfunnet.

Kort fortald var det bror til Sigrid som skulle ta over garden då faren døydde i 1974. Men garden blei aldri hjartebarnet til broren og frå 1974 var garden utan dyr og blei leigd bort.

Heilt til 1994. Sigrid og mannen Claus hadde budd i Nittedal utanfor Oslo lenge og borna var blitt vaksne. No freista det å ta opp att gardslivet i heimbygda. Sigrid kjøpte 30 lam og Claus flytta etter kvart etter. Som 50-åringar var dei blitt sauebønder.

– Eg synest me har hatt det veldig fint. Det var så klart ein overgang for Claus som sa opp jobben han hadde hatt i 31 år på forskingsinstitutt i Oslo og flytta oppover. Han blei barnefar til alle desse lamma. Han heldt ut og rømde ikkje, seier Sigrid med eit smil.

– Det var like før, kjem det frå lenestolen i stova.

Ein høyrer at mannen Claus Larsen er fødd og oppvaksen i Danmark, nærmare bestemt like ved Thisted på Jylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blei fyrste æresmedlem

Dei to hadde på det meste 80 sauer på garden, i tillegg til at Sigrid heile tida jobba som lærar på Rauland skule fram til ho blei pensjonist i 2005. I 2010 gav dei seg som sauebønder, men heile vegen har Sigrid vore engasjert i Vest-Telemark bonde og småbrukarlag.

– Sigrid boblar over av idear og tankar. Det er ikkje alltid me klarer å henge med på ideane hennar, ler Gunnar Haugo, leiar i laget.

I haust utnemnte dei Sigrid som sitt fyrste æresmedlem. Årsakene var mange.

– Ho har i ei årrekkje vore ei drivande kraft i både lokallaget og fylkeslaget. Samstundes har ho og Claus vekt til liv eit nedlagt bureisingsbruk med flid og dugleik, fortel Haugo.

Æresmedlemen sjølv synest det var hyggeleg, men kanskje litt vel.

– Det kom litt bakpå meg, og eg er eigentleg litt sjenert for det.

Ho vil ikkje framheve seg sjølv. Landbruket derimot, det har ho brukt store delar av livet på å framheve. Sigrid har kjempa for landbruket i lokalpolitikken for SV både i Nittedal og i Vinje. Ho har vore konsulent under landbruksforhandlingane for landbrukskontoret i Oslo, og jobba for rettane til kvinnelege bønder.

Mistar overlevingskunnskapen

Engasjementet tek ikkje slutt, sjølv om ho nærmar seg 80 år. Sigrid meiner generasjonane bak henne ikkje har kunnskapar og interesse nok til å kunne berge seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Før hadde folk ei sikring, med jordeple, grønsaker og anna. No er det stort sett berre rabarbra og rips å sjå rundt omkring. Me mistar overlevingskunnskapen. Korleis skal ein greie seg om ikkje alt går etter skjemaet? Det er eg redd for. Då trur eg det kan bli mykje hysteri og vonlause.

Pensjonisten set ikkje pris på retninga forbrukarsamfunnet har tatt.

– Inntil no har me segla på ei velstandsbylgje med eit vanvitig forbruk. Ein rettar seg inn i ein levestandard som er heilt forkasteleg. Me har så store forventingar.

Dette heng igjen nøye saman med eit saksområde den tidlegare politikaren har vore oppteken av gjennom heile livet: miljøvern.

Håpar å finne nokon som seg sjølv

Sigrid har lenge vore bekymra for klimaendringane. Heilt frå då ho gjekk på fjellet på 60-70-talet og fann seige oljeaktige klumpar i snøen. Seinare kom den sure nedbøren.

– Uvêret som me ser meir av om dagen kjem til å bli verre. Eg er sikker på at klimaendringane berre blir verre og verre, og mange kjem til å måtte flytte. Her er det ikkje rasterreng og me bur greitt til, seier ho og kikkar ut på fjella gjennom glaset.

– Ein slik stad må vere perfekt å finne for dei som er redde for ungane sine.

Sigrid kikkar ned på notata sine igjen og me merkar ho har kome til noko som er svært viktig for ho. Garden Breimo som ligg fint med utsikt til Hågefjell, Damtjønnnuten og Stavsfjell. Vedhuskjerringi ligg like bak. Kven skal ta over garden med over 1000 mål? Dette har ho tenkt mykje på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Borna mine er etablerte i Oslo med gode jobbar, så det er nok ikkje aktuelt, sjølv om dei kunne gjort det godt her. Det blir nok sal og eg vil gjerne ha nokon som tenkjer litt som meg til å overta. Nokon som vil bryte opp og finne på noko heilt anna. Eg trur dei finst, smiler ho lurt.

Mykje potensial

Sigrid tek oss med ut på tunet og viser oss rundt på garden som har fått eit kvitt teppe denne oktoberdagen. Sola skin enno, men på det lågaste lyser ho berre opp tre timar om dagen her. I løpet av dei to neste åra håpar ho at garden er seld. Finanskapital som vil byggje ut hytter på den store tomta som går langt til fjells over 1000 meter, vil ho halde seg langt unna. Sigrid vil ha drivarar som vil noko med garden. Punktvis har ho sett opp kva dei framtidige bøndene på Breimo i Lognvik-bygda skal kunne leve av.

– Ein kunne hatt nesten eit årsverk med sau utan å gjere noko. Geiter er ein anna moglegheit. Så veit eg etter mykje arbeid med kjøkenhagen at det er mykje potensial i grønsaker her. Eg har hatt ruccola-salat i tre år, så det går også an i Vinje. Svartkål har eg også prøvd i år. Skogen kan det ligge mykje i. Me har planta fleire tusen tre i dei åra me har vore her. Handverk og lokal produksjon som safting og røyking er andre ting. Det er det å bruke eigne ressursar eg håpar dei vil ha lyst til.

Dei eventuelle nye drivarane av Breimo har i så fall noko å strekkje seg etter når dei skal ta over. Dette er ei dame som har stått på og jobba beinhardt for å få livet på Breimo til å bli slik det ein gong var på 50- og 60-talet. Og kanskje meir til.

– Sigrid har alltid stått på. Dette hadde aldri gått om ho ikkje hadde vore så engasjert. Då hadde det blitt noko heilt anna, eller det hadde ikkje blitt noko av, humrar Claus frå lenestolen.

– Du er litt sta?

– Ja, svarer ho kontakt med eit smil.

– Ho har fått det som ho vil, flirer Claus godt.