Ei duft frå død og til liv

Teksttankar før påska ved Knut Bjørn Skyttemyr

Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde.

For ei forandring i denne vesle heimen i Betania. Like før påske hadde det vore eit sørgjehus. Lasarus var død, og alle kom for å ta del med Marta og Maria i sorga over bror sin. Men no, denne laurdagen, var det fest i heimen. Marta hadde stelt i stand eit festmåltid for Jesus og læresveinane som hadde komen opp dei lange bakkane frå Jeriko til Jerusalem. Og her i Betania, eit par kilometer frå Jerusalem, heldt dei hus fram til torsdagen i påskeveka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det var ikkje berre Jesus og læresveinane som stakk innom i Betania. Det var ei stor mengde av jødar som kom dit, ikkje berre for å sjå Jesus, men òg for å sjå Lasarus, som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. Rykta gjekk, var det verkeleg sant at Lasarus var stått opp frå dei døde? Folk ville sjå det med eigne augo. Og dei fekk stadfesta at Lasarus levde. Men ikkje berre det, dei fekk høyre at Lasarus hadde lege tre dagar i grava, og at det hadde lukta av han. Det var ei duft av død. Men no var det ei duft av liv, av song, av glede, av eit festmåltid som fylte huset der i Betania. Difor var det mange av jødane som no kom til tru på Jesus, og dei ville gjerne sjå og høyra han tale.

Då fekk dei oppleve ei anna lukt, ei lukt av nardussalve. For denne laurdagen tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter. Og heile huset vart fylt av angen. Nardussalva vart laga av rota på nardusplanta, som veks i Søraust-Asia. Den var særs dyr, og berre den flaska som Maria hadde, kosta tre hundre denarar. Ein denar var ei dagløn, og då er tre hundre denarar meir enn ei årsinntekt i Noreg i dag. Ikkje rart at Judas Iskariot stokk til og sa: Kvifor vart ikkje denne salva seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?

Jesus tek Maria i forsvar og seier: Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min.

Denne laurdagen vert det klart for alle at Jesus blei salva av di han skulle døy. Messias tyder Kristus på gresk, og på norsk vert det den salva. Jesus blei salva for å døy. Men med Jesu død og oppstode, kan vi ha håp om oppstode og evig liv. Jesus tek med seg ei duft frå død til liv, frå sorg til glede.

Då Jesus døyde og vart gravlagt, brukte Josef frå Arimatea og Nikodemus om lag 33 kilo med salve medan dei sveipte han i linklede. Det var ikkje nardussalve, men myrra og aloe.

Då Lasarus blei reist opp frå dei døde, måtte dei løyse han frå linkleda. Men då Jesus stod opp frå dei døde, låg linkleda att som eit tomt hylster, nett lik eit puppehylster etter ein sommarfugl.

Lasarus var nok på alder med Jesus. Vi veit ikkje kor gamal han blei. Men vi veit at han ein dag døydde og blei gravlagt på nytt. Men etter denne påskehøgtida, hadde han to tome graver som han kunne vitje. Det var si eiga grav, og det var Jesu grav. Og han kunne syngja som Johan Nordahl Brun:

Jesus lever, gravi brast! Han stod opp med guddomsvelde. Trøysti står som fjellet fast, Kristi strid og blod skal gjelde. Lynet blinkar, jordi bever, gravi brast og Jesus lever!

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har vunne, Jesus vann! Mørkheims makt for honom rømde; Krist or grav gravi utgang fann og for evig døden dømde. Open har eg himlen funne, Jesus vann, og eg har vunne!

Difor gler me oss til å feire påske på nytt, ei påske der det luktar liv og fest, håp og glede. Døden fekk ikkje siste ordet, det fekk Jesus. Og Marta, Maria og Lasarus fekk stadfesta orda frå Jesus, der han seier: Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. (Joh.11,25–26)