E134 beste hovudvegen mellom Oslo og Bergen

Ytring

Aftenposten har 10. februar ein interessant artikkel om beste hovudvegen mellom Oslo og Bergen. I fylgje ein ny rapport er vegen over Hemsedal det beste av fem vurderte alternativ. E134 over Haukelifjell kjem på ein god andreplass. Eg vil tru at E134 over Haukeli vil koma endå sterkare ut ved ei endå grundigare og større analyse. Vegen mellom Austlandet og Vestlandet frå Drammen, gjennom Nedre Buskerud og Telemark, altså E134, er den kortaste hovudvegen. Det er også ein veg med god regularitet om vinteren, sjølv om tunnelane no er gamle og ikkje så gode som dagens standard. Ein ny lang tunnel på Haukelifjell og ved Røldal vil kunne redusere stengingane og kolonnekøyringa kraftig. E134 har også eit mykje større og folkerikare nedslagsfelt enn dei andre alternativa, frå Drammen, Kongsberg, Notodden, gjennom Telemark og over Haukelifjell. På vestsida av fjellet er vegen ei hovudtrafikkåre austover frå Haugesund, Sunnhordland, Hardanger og Bergen. E134 blir også mykje brukt frå Stavanger og Sandnes.

Ein veg over Hardagervidda virkar som totalt uakseptabel. Her er ein nasjonalpark med Europas største villreinstamme slik at ein må byggje tunnelar for å gje reinen fri ferdsel. Dette eit alternativ som er lengre enn over Haukelifjell og det er den vegen som er mest stengd om vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalvurderinga for E134 bør setje denne på fyrsteplass som den kortaste vegen som dekkjer det mest folkerike området med mest trafikk og beste regulariteten.

Det finst også planar for ein «Ekspressveg». Denne vegen vil kunne korte distansen mellom aust og vest med fleire mil, men då vil vi få ein veg som går gjennom område der det bur lite folk og er liten lokaltrafikk. Det er best å ha vegen der det er trafikk og der det bur folk.

Det blir spennande å sjå kva dei nye kostane på storting og i regjering bestemmer seg for.

Åsulv Edland