Arne Helge Nordheim viser korleis vedkløyvaren fungerer til Åse Slåtta.
Arne Helge Nordheim viser korleis vedkløyvaren fungerer til Åse Slåtta.

– Dette er den aller beste arbeidsplassen i heile Vinje kommune

Arbeidsfolket ved attføringsverksemda Kvito i Vinje inviterte skodelystne inn på arbeidsplassen sin måndag ettermiddag, og gjestene var ivrige med å rose den flotte arbeidsplassen.

Ei fullsett kantine, og i tillegg eit møterom måtte i bruk då Kvito i Åmot opna dørene måndag ettermiddag. Fyrst blei gjestene invitert til ein matbit, så ein rundtur for å sjå på dei ulike arbeidsstasjonane.

Heile dagen hadde arbeidsfolket stått på for å klargjere til ope hus for alle nyfikne gjester som ville sjå kva som skjer ved dei ulike avdelingane for tre og ved, vaskeriet og på Kakeringen.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Gler seg til jobb

Ein som er veldig glad i jobben sin på Kvito er Kjell Runar Slåtta.

– Eg likar meg aller best ved strykebrettet på vaskeriet, men trivst godt på tysdagane også. Då er eg på Kakeringen og smører rundstykke og slikt, smiler han stolt.

Me er straks ferdige med å nyte den gode pizzaen som Kakeringen har laga til gjestene, og fylgjer med Slåtta ut frå kantina og over tunet til vaskeriet. Fyrst blir stryking demonstrert.

Kjell Runar Slåtta stortrivst på jobben og likar aller best oppgåver med å stryke på vaskeriet til Kvito.
Kjell Runar Slåtta stortrivst på jobben og likar aller best oppgåver med å stryke på vaskeriet til Kvito.
På Kakeringen blei det demonstrert korleis ein kan lage marsipanroser. Frå venstre dagleg leiar ved Kvito AS, Svend Helge Aanondsen, avdelingsleiar Kari Årlid, Trude Botn og Britt Johnsen.
På Kakeringen blei det demonstrert korleis ein kan lage marsipanroser. Frå venstre dagleg leiar ved Kvito AS, Svend Helge Aanondsen, avdelingsleiar Kari Årlid, Trude Botn og Britt Johnsen.
På Kakeringen blei det servert mykje godt.
På Kakeringen blei det servert mykje godt.
Gro Ellen Nordskog står på og viser kva oppgåver ho har på vaskeriet til Kvito.
Gro Ellen Nordskog står på og viser kva oppgåver ho har på vaskeriet til Kvito.
Mange tok turen innom tre- og ved-avdelinga til Kvito i Åmot.
Mange tok turen innom tre- og ved-avdelinga til Kvito i Åmot.

– Me må vere veldig grundige, alt skal vere perfekt på forklea, og me må gjere det slik det står på oppskrifta som heng på veggen der borte, viser Slåtta oss.

Han fortel at det er instruksar for korleis alt blir stroke, og banda må vere rett bretta.

– Eg skal ta strykesertifikat, fortel Slåtta og forklarer at han ser fram til å få eit bevis på at han gjer jobben sin skikkeleg.

– Det er denne arbeidsoppgåva eg likar aller best – og eg gler meg til arbeidet her kvar einaste dag, smiler han.

Trufast gjeng

Dagleg leiar i Kvito AS, Svend Helge Aanonsen, seier dei ynskjer å halde opne dagar ved verksemdene Kvito har i Nissedal, Tokke og Kviteseid også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er så stolte av det me jobbar med, og ynskjer å vise oss fram, difor er me glade for at det møtte så mange fram i Vinje. Me held på med mange ulike arbeidsoppgåver på Kvito, og det er viktig for oss at alle skal ha det bra og oppleve meistring i arbeidsdagen, seier han.

Han seier at Nav set store krav og har eit kvalitetssikringssystem som ser til at arbeidet blir utført slik det skal. Ved Kvito er det 24 fast tilsette og om lag 75 deltakarar til kvar tid, mange av dei på varig tilrettelagt arbeid.

– Og maken til lojal, stabil og pliktoppfyllande arbeidskraft skal ein leite lenge etter. Dei fire siste åra har drifta ved Kvito også vore så god at me har hatt høve til å utvikle verksemda vidare, seier Aanonsen.

Under den opne dagen i Åmot er det mange deltakarar som ivrig viser fram arbeidsplassen sin, og mange familiemedlemmer som fullrosar tilbodet.

– Me vil påstå at dette er den aller beste arbeidsplassen i heile Vinje kommune, konkluderer fleire av dei frammøtte etter ein runde inne på avdelinga for tre og ved.

Søtt til kaffien

Etter rundturen på industriområdet går turen til Kakeringens lokale, der eit bord med ei rekkje søte freistingar står klare til gjestene.

Inne på kjøkkenet er det marsipanroser og anna søt pynt som blir trylla fram. Her får alle som har lyst lov til å prøve seg som konditor.

Det er hektiske dagar ved Kakeringen. Dei har så smått starta på jolebaksten, og i tida som kjem blir det produsert både småkaker, smultringar og andre godsaker.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me tar også på oss spesialbestillingar, mellom anna er det mange som ynskjer kaker med eigne bilete. Det har me også høve til å skrive ut og lage her på Kakeringen, seier Trude Botn.