Bil i fjellvegg i Morgedal

Då politiet kom til staden var det ingen personar i nærleiken.

Rett etter halv seks natt til sundag meldte politiet i Sør-Aust på Twitter at ein bil hadde køyrt i ein fjellvegg attmed E134 i Morgedal. 

Då politiet kom til staden ein halvtime seinare var bilen tom. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Føraren var ikkje til stades då me kom til staden, men me fekk tak i han etter kvart, seier Christian Gulli i Sør-Aust politidistrikt til TA.

Airbagen blei løyst ut både på sjåfør- og passasjersida.

Det var ikkje føraren som meldte frå om ulykka, men vitner som køyrte forbi. 

– Det er mistanke om køyring i rusa tilstand, seier Gulli. 

Ingen personer på stedet. Politiet vil undersøke saken videre.

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)October 28, 2018