Røyken er godt synleg frå Kviteseidgata.
Røyken er godt synleg frå Kviteseidgata.

Arbeidet med ettersløkking held fram i Nordigardåsen tysdag

Skogbranntroppen arbeider med å ettersløkke ein skogbrann som starta i Kviteseid måndag kveld.

Klokka 15.00 måndag rykte brannvesenet i Kviteseid ut til ei melding om røykutvikling i skogen i nærleiken av Kongsbergdam.

Brannen viste seg å vere litt lengre nord, for på eit 4-5 mål stort område tok skog og kratt fyr i Nordigardåsen, Brannvesenet arbeidde med å prøve å sløkke i det bratte terrenget måndag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blei halde vakt i området natt til tysdag, og til morgon i dag kom det seks mann frå skogbranntroppen. Desse arbeider nå med å få inn vatn til området slik at alt blir slokt, seier vaktleiar ved Sør-Aust 110.  

Brannv. på stedet melder at det er ca.500 kvadrat som har brent. Delvis kontroll på stedet.

— Sør-Øst 110 (@sorost110)22. oktober 2018