(
(

44 gauper felt i kvotejakta

NPK-NTB: Det vart felt 44 gauper under kvotejakta frå 1. februar til 31. mars i regionane Oppland, Midt-Noreg og VestNoreg.

– Låge bestandar i fleire delar av landet førte til at det vart opna for jakt i færre regionar enn tidlegare. I dei regionane der det vart opna for kvotejakt har kvoten i stor grad blitt oppfylt, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år vart det berre opna for jakt i rovviltregionane Oppland, Midt-Noreg og VestNoreg. I Oppland og Midt-Noreg vart det opna for kvotejakt. I Vest-Noreg har ikkje styresmaktene noko mål om ein gaupebestand, og dermed vart det opna for kvotefri jakt i denne regionen.

I fjor sommar vart gaupebestanden i Noreg berekna til å vere på rundt 330 dyr.