Stor budsjettsemje

Seljord kommunestyre vedtok torsdag budsjettet for 2007 og økonomiplanen fram til 2010 mot Høgre sine seks røyster. Mindretalet røysta mot fordi fleirtalet ikkje ville setje av pengar til påbygg av kommuneshuset til å huse NAV-kontoret.

Publisert Sist oppdatert

Frå formannskapet låg det føre eit samrøystes framlegg til både 2007-budsjett og økonomiplan. Difor var budsjetthandsaminga gjort unna på mindre enn ein time inkludert eit stutt gruppemøte.

- Både driftsbudsjettet og investeringsbudsjettet stadfestar at Seljord er ein kommune som ikkje ligg på sotteseng, men prega av vokster og offensiv satsing, sa ordførar John Kleivstaul (Sp) ved innleiinga til budsjetthandsaminga.

Ordføraren peikte på at innstillinga frå formannskapet var samrøystes, og at slik har ikkje stoda alltid vore. Høgre ynskte at det også i 2008 vart sett av 100.000 kroner til prosjekteringa av ny kyrkje i Seljord. I fylgje Asbjørn Storrusten (H) er det stor trong for eit nytt gudshus i bygda. Han kalla det uverdig at folk må stå på kyrkjebakken ved gravferder.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS